Skeiand
Skeiand | |
Skeiandhann | |
Skeiandhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av Skeiand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Spatula |
Art: | Skeiand S. clypeata |
Vitskapleg namn | |
Spatula clypeata |
Skeiand (Spatula clypeata, tidlegare Anas clypeata) er ein fugleart i andefamilien som hekkar i Holarktis frå Island til Sakhalin og i Nord-Amerika. Arten er ein trekkfugl.
Skildring
Hannfuglar er om lag 50 cm lang, hofuglar om lag 5 cm kortare. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover. Skeianda et små virvellause dyr inkludert krepsdyr og blautdyr. Dessutan vegatabilsk føde som frø og planterestar.[2]
Hekkeområdet er vidt i Palearktis og vestlege Nord-Amerika, omtrent i området 40–60° nord. Dei overvintrar sør for hekkeområdet og nord for ekvator i Amerika, Europa inkludert Storbritannia, Afrika og sørlege Asia.
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8–10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23–25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40–45 dagar.
Utbreiing i Noreg
I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Hekkefuglar frå Noreg overvintrar truleg i Europa og Nord-Afrika.
Arten er lista i norsk raudliste i kategorien sårbar, (VU).
Kjelder
- Øystein R. Størkensen, 1994, Artsomtale: Anas clypeata – skjeand, S. 84 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 11. desember 2021
- Referansar
- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark skeiand Spatula clypeata (Linnaeus, 1758) Henta 11. desember 2010
- ↑ Dubowy, P. J., C. Carboneras, og G. M. Kirwan (2020). Northern Shoveler (Spatula clypeata), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.norsho.01
Bakgrunnsstoff
- (no) Skeiand hos Artsdatabanken
- (en) Skeiand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Skeiand i Encyclopedia of Life
- (en) Skeiand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Skeiand hos Dyntaxa
- (en) Skeiand hos Fossilworks
- (en) Skeiand hos NCBI
- (en) Kategori:Spatula clypeata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Spatula clypeata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Spatula clypeata – detaljert informasjon på Wikispecies