Tazama
The Tanzania Zambia Pipeline Ltd (Tazama) er ein oljerøyrleidning som transporterer råolje mellom Dar-es-Salaam hamn i Tanzania og og oljeraffineriet Indeni i Ndola i Zambia.
Oversyn
Tazama er ein 1 710 km lang oljerøyrleidning som vart teken i bruk i 1968. Han er utforma for å kunna transportera så mykje som 1,1 millionar tonn råolje per år, men i gjennomsnitt transporterer ein berre 600 000 tonn. Leidningen består av ei blanding mellom 8 og 12 tommars (20 til 30 cm i diameter) røyrleidning. For å pumpa olja frå havet og opp til Ndola, som ligg om lag 1 300 moh., trongst det 7 pumpestasjoner. 5 av pumpeanleggea ligg i Tanzania og 2 i Zambia. Anlegget vart i si tid bygd av det italienske oljeselskapet Snamprogetti og finansiert hovudsakleg av den italienske staten.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tazama» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Skildring av Tazama-prosjektet (engelsk, PDF) frå Diggers.news