Tongling
Utsjånad
Tongling (kinesisk: 铜陵, pinyin: Tónglíng) er eit byprefektur i den midtre delen av provinsen Anhui i Kina. Prefekturet har eit areal på 1 113 km² og 766 300 innbyggjarar (2004). Byprefekturet Tongling består av tre distrikt og eitt fylke.
Næring
Tongling har vore ein gruveby sidan 600-talet. I området er store kopargruver, og førekomstar av tinn. Byen Tongling har vore viktig for bronseproduksjonen i mange hundreår. I låglandsområde vert dyrka ris, kveite, bomull, bønner, kvitlauk og medisinurter. Her er også store fiskedammar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tongling» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Tongling» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2012.