Hopp til innhald

Unni Birkrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Unni Birkrem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. hundreåret
Idrett handball

Unni Birkrem (fødd 2. april 1966) er ein sjukepleiar og tidlegare handballspelar frå Kristiansand. Ho var målvakt.

Birkrem var aktiv i Våg og Kristiansand i heimbyen til 1985. Ho og tvillingsystera Åse flytta då til Trondheim og spelte på Byåsen IL sitt lag. Ho var seriemeister med Byåsen i 1987, 1988 og 1990, samt noregsmeister 1988 og 1989. Åra 1985-89 deltok ho i 32 av Noregs landskampar. Ho deltok i Handball-VM 1986 der Noreg overraska ved å vinne bronsemedaljen. Sommaren 1990 vend Birkrem heim til Kristiansand, spelte på IK Våg sitt lag i 2. divisjon til 1993.

Kjelder