21. august
Utsjånad
21. august er den 233. dagen i den gregorianske kalenderen (234. under skotår). Det er 132 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]- Ninoy Aquino-dagen på Filippinane, til minne om Benigno «Ninoy» Aquino som blei drepen på denne datoen i 1983.
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 21. august i 2024:
- Katolsk minnedag for pave Pius X, og nordisk minnedag for Ragnvald Orknøyjarl
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Ragnvald og Ragni |
Sverige | Jon og Jonna |
Danmark | Salomon |
Tidlegare høgtider
[endre | endre wikiteksten]Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1772: Gustav III av Sverige avslutta frihetstiden då han fullførte si maktovertaking frå Riksdagen.
- 1810: Den franske marskalken Jean Baptiste Bernadotte blei veld til svensk kronsprins av Ståndsriksdagen.
- 1959: Hawaii kom inn i USA som den femtiande delstaten.
- 1968: Tsjekkoslovakia vart invadert av militære styrkar frå andre land i Warszawapakta. Dette for å stanse dei demokratiske reformene som Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet under leiing av Alexander Dubček hadde byrja å gjennomføre.
- 1986: Eit plutseleg karbondioksidutslepp frå den meromiktiske Nyos-sjøen i Kamerun drap 1 800 menneske.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1887: Det norske Arbeidarpartiet vart stifta i Arendal.
- 1945: Landssviksaka mot Vidkun Quisling tok til i Eidsivating lagmannsrett.
- 1978: Sandnes Uldvarefabrik brann ned til grunnen.
- 1981: Målfrid Grude Flekkøy vart Noregs og verdas fyrste barneombod.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 21. august.
- 1725: Jean-Baptiste Greuze, fransk målar
- 1749: Edvard Storm, norsk forfattar og skulemann
- 1789: Augustin Louis Cauchy, fransk mateamtikar
- 1896: Gunnar Reiss-Andersen, norsk forfattar
- 1904: Count Basie, USA-amerikansk musikar og komponist
- 1920: Ray Bradbury, USA-amerikansk forfattar
- 1951: Cecilie Løveid, norsk forfattar
- 1952: Jiří Paroubek, tsjekkisk politikar og statsminister
- 1963: Mohammed VI av Marokko, monark
- 1986: Usain Bolt, jamaikansk friidrettssprintar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 21. august.
- 1814: Benjamin Thompson, britisk fysikar
- 1922: Jørgen Løvland, norsk statsminister (1907-08)
- 1940: Lev Trotskij, sovjetisk politikar
- 1943: Henrik Pontoppidan, dansk forfattar
- 1957: Harald Ulrik Sverdrup, norsk vitskapsmann
- 1986: Eivind Vågslid, norsk språkgranskar
- 1995: Subrahmanyan Chandrasekhar, indisk-amerikansk astrofysikar og nobelprisvinnar
- 2006: Jon Lilletun, norsk politikar