Aust-Timor
Republika Demokratika Timor Lorosa'e Republica Democratica de Timor-Leste ('Den demokratiske republikken Aust-Timor') (norsk: Aust-Timor, austtimoresisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Pátria» | ||||||
Motto | Portugisisk: Honra, Pátria e Povo (Ære, land og folk) | ||||||
Offisielle språk | Tetum og portugisisk | ||||||
Hovudstad | Dili | ||||||
Styresett |
Republikk José Ramos-Horta José Maria Vasconcelos (Taur Matan Ruak) | ||||||
Flatevidd – Totalt |
14 874 km² (156.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 291 358 (.) 86,8 /km² (97.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Portugal 28. november, 1975 20. mai, 2002 | ||||||
Nasjonaldag | 20. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
7 101 mill. USD (159.) 6 100 USD (133.) | ||||||
Valuta | Amerikansk dollar | ||||||
Tidssone | UTC+9 | ||||||
Telefonkode | +670 | ||||||
Toppnivådomene | .tp
|
Aust-Timor, også kalla Timor-Leste, er eit land i Søraust-Asia, mellom Indonesia og Australia. Landet fekk fullt sjølvstende 20. mai 2002, etter lang tids konflikt med okkupasjonsmakta Indonesia. Det består av den austre delen av øya Timor, øyane Atauro og Jaco, og Oecusse, ein eksklave nordvest på øya, innanfor det indonesiske Vest-Timor. Det samla landarealet er på storleik med Montenegro.
Aust-Timor blei portugisisk koloni på 1500-talet, og var det fram til Japan invaderte under andre verdskrigen. Timoresarane samarbeidde med dei allierte under den japanske okkupasjonen og dreiv geriljakrig i fjella på øya. Etter krigen fekk Portugal tilbake kontrollen, men starta ein dekoloniseringsprosess i byrjinga av 1970-åra. I 1974 avslutta Portugal koloniherredømmet sitt. Etter ein kort borgarkrig mellom dei politiske partia Fretilin og UDT, erklærte Aust-Timor seg unilateralt sjølvstendig den 28. november 1975. I desember 1975 invaderte Indonesia og okkuperte landet. I juli 1976 erklærte Indonesia at territoriet var den 27. provinsen i landet. FN anerkjende ikkje annekteringa, og gav Aust-Timor status som ikkje-sjølvstyrt territorium under portugisisk administrasjon. Fridomskampen heldt fram, og i 1990-åra kom det til større militære konfrontasjonar. Den indonesiske okkupasjonen var prega av vald og overgrep mot sivilbefolkninga. Etter at den indonesiske leiaren Suharto fall, bestemte den nye presidenten Habibie at det skulle haldast ei folkeavstemming om sjølvstende i 1999. Denne gav klart fleirtal for eit uavhengig Aust-Timor, men utløyste nye valdshandlingar. FN bad det internasjonale samfunnet intervenera, og etter ein FN-styrt overgangsprosses fekk Aust-Timor fullt sjølvstende i 2002.
Aust-Timor er eitt av berre to land i Asia med katolisisme som dominerande religion (det andre er Filippinane). Aust-Timor er eit relativt fattig land, og er i ein nasjonsbyggingsfase etter mange tiår med fridomskamp.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øya ligg nord for Australia, skilt av Timorhavet. Landet er prega av fjell, og det høgaste fjellet er Tatamailau (også kjent som Mount Ramelau) på 2 963 meter. Klimaet er tropisk og er kjenneteikna av ei klar regntid og ei tørketid. Hovudstaden, den største byen og viktigaste hamna er Dili. Den nest største byen er Baucau i aust.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Aust-Timor har eit tropisk klima. Årsnedbøren er 1000-2000 mm og kjem hovudsakleg i perioden november-mai, medan resten av året har tørketid. Middeltemperaturen for hovudstaden Dili varierer mellom 24 °C i august og 27 °C i november-april. Kvart 3. til 4. år har ein hatt lengre tørkeperiodar som har ført til alvorlege skadeverknader.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Før kolonitida
[endre | endre wikiteksten]Ein trur at øya blei folkesett mellom 20 000 og 40 000 år f.Kr. av velo-australske folk (som på Sri Lanka). Neste antaking er at folk frå Melanesia kom rundt 3000 år f.Kr., følgd av folk frå Sør-Kina og nordre Indokina rundt 2 500 f.Kr.
Koloni
[endre | endre wikiteksten]I 1520 gjekk portugisarar i land ved Oecussi og starta koloniseringa av det som blei døypt Portugisisk Timor. Den vestlege delen var, til liks med dei fleste andre øyar i området, kolonisert av Nederland. Dili blei hovudstad i 1596. Eksport av sandeltre (nesten utrydda) blei etter kvart erstatta av kaffi (1815), sukkerrøyr og bomull. I 1941 var øya ein kort periode under nederlandsk og australsk styre, før japanske styrkar inntok henne under slaget om Timor i februar 1942. Portugal tok igjen over (september 1945), etter at over 50 000 timoresarar hadde omkomme i kampane mot Japan.
Dekolonisering
[endre | endre wikiteksten]Portugal prøvde å innføra delvis sjølvstyre og vende seg til tre politiske grupperingar. Dei to pro-indonesiske Uniao Democratica Timorense (UDT) og Associacao Popular Democritica Timorense (APODETI) danna raskt alliansar og kuppa regjeringsmakta. Frente Revolucioniria de Timor-Leste Independente (FRETILIN, pro-sjølvstende) gjennomførte eit motkupp, okkuperte Dili og proklamerte Den demokratiske republikken Aust-Timor. Indonesia intervenerte vestfrå ni dagar etter. Ikkje før i 1984 gav FRETILIN opp og deklamerte den tidlegare proklamerte republikken.
Indonesisk okkupasjon
[endre | endre wikiteksten]Utover FN-fordømming var det lite internasjonalt engasjement, og om lag 250 000 menneske omkom. Etter massakren på Santa Cruz kyrkjegard i 1991 auka kritikken. Biskop Carlos Filipe Ximenes Belo og José Ramos Horta (vinnarar av Nobels fredspris 1996) var viktige ikkje-valdelege pådrivarar i arbeidet med å synleggjera problemet internasjonalt. Utløyst av krise i indonesisk økonomi fekk området tilbod om sjølvstyre, og det blei kunngjort ei folkeavstemming 30. august 1999. Over 78 % ønskte sjølvstende (98 % deltaking). Etter dette øydela militære grupper infrastruktur og hovudstaden Dili, og deporterte 200 000 innbyggjarar til leirar i det indonesiske Vest-Timor. Trass i at det var fredsbevarande styrkar frå SN til stades blei over 2000 drepne.
Aust-Timor og Vest-Sahara
[endre | endre wikiteksten]Aust-Timor og Vest-Sahara blir ofte kalla systerkonfliktar. Dei er svært like og ganske unike konfliktar. Dei var høvesvis portugisisk og spansk koloni og var begge i ein dekoloniseringsprosess styrt av FN i byrjinga av 1970-åra. Samtidig som arbeidet med dekolonisering gjekk sin gang, var det naboar som gjorde krav på territoria. Marokko og Mauritania gjorde krav på Vest-Sahara og Indonesia gjorde krav på Aust-Timor. Den internasjonale domstolen i Haag avviste krava til Marokko og Mauritania, men dei invaderte likevel Vest-Sahara i november 1975. Berre nokre veker seinare invaderte Indonesia Aust-Timor. FN fordømde begge invasjonane, men det internasjonale samfunnet gjorde ingenting. Det har i ettertid komme fram at Henry Kissinger hadde «godkjent» begge invasjonane på vegner av USA. På demonstrasjonar i både Aust-Timor og Vest-Sahara var det gjennom okkupasjonstida vanleg å ropa «Fritt Aust-Timor! – Fritt Vest-Sahara!». Då Aust-Timor blei sjølvstendig den 20. mars 2002, var den første offisielle handlinga til republikken å anerkjenna den vestsahariske republikken. Vest-Sahara er framleis okkupert av Marokko.
Frigjering
[endre | endre wikiteksten]Ei FN-leidd interimregjering (1999–2002) og politiske parti etablerte ei grunnlov, og etter gradvis overføring av makt blei staten uavhengig 20. mai 2002. Den tidlegare frigjeringsleiaren Xanana Gusmão blei ny leiar for landet, Marí Alkatiri blei statsminister og José Ramos-Horta utanriksminister.
Fram til sommaren 2004 var det stasjonert ein FN-styrke på 9500 mann i landet (6 frå Noreg). Forholdet til Indonesia er no kraftig forbetra, og Indonesia er blant dei sterkaste støttespelarane til landet på fleire område, inkludert i Aust-Timor si målsetjing om å bli medlem av ASEAN.
Krisa våren 2006
[endre | endre wikiteksten]Hæren, beståande av 800 soldatar og 600 oppsagde soldatar, braka saman i kampar i mai 2006. Kampane blei omtalte som dei verste sidan lausrivinga frå Indonesia i 1999. Over 5000 hus blei brunne eller øydelagde, hovudsakleg i hovudstaden Dili. 38 menneske blei drepne, fleire av dei blei regelrett avretta. Regjeringa i Aust-Timor bad om hjelp frå andre nasjonar for å bevara kontrollen i landet, og fredsstyrkar frå Australia, New Zealand og den tidlegare koloniherren Portugal blei sende til landet.
Konflikten skal ha rot i at opprørssoldatane kjende seg diskriminerte fordi dei kom frå den vestre delen av landet, medan den militære leiinga stort sett var frå aust. Desse soldatane blei sparka ut av hæren i mars 2006 etter ein streik, som byrja i februar, mot diskrimineringa.
Den opphavlege uroa gjekk etter kvart over i ein annan type uro, der gjengar med bakgrunn i kampsport gjekk med i kampane. FN trekte ut mesteparten av personellet sitt i landet som eit resultat av uroa.
President Xanana Gusmão innførte unntakstilstand 30. mai 2006, og tok kotroll over den nasjonal tryggleiken og forsvaret i eit ekstraordinært tiltak for å dempa uroa. Den 3. juni blei det klart at José Ramos-Horta skulle ta over som tryggingsminister i Aust-Timor.
Australia bad etter kvart om fleire soldatar (utover dei 2200 som allereie var på plass), då uroa viste seg å vera vanskelege å stoppa.
Statsminister Marí Alkatiri gjekk 25. juni 2006 av etter sterkt press m.a. frå president Gusmão.
Den norske spesialutsendingen Gunnar Stålsett prøvde å forsona dei stridande partane i kjølvatnet av krisa i 2006.[1]
Attentatforsøket mot Ramos-Horta
[endre | endre wikiteksten]Den 11 februar 2008 angreip opprørarar under leiing av Alfredo Reinado president José Ramos-Horta og statsminister Xanana Gusmao.[2] Ramos-Horta blei skoten og skadd i angrepet. Opprøraren Reinado blei sjølv skoten og drepen under attentatet. I februar 2009 blei det reist tiltale mot 28 personar som delaktige i attentatet.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Etter okkupasjon og revolusjon, der ein stor del av folkesetnaden omkom, var over halvparten av befolkninga på rundt 1 million under 18 år (1.066.000 frå folketeljinga 2010).
Religion
[endre | endre wikiteksten]Befolkninga i Aust-Timor er, i motsetning til majoriteten i Indonesia, katolsk. Ifølgje statistikkar frå 1992 var omtrent 90 % av befolkninga registrert som katolikkar, medan 3 % var registrerte som protestantar, 4 % som muslimar og 0,5 % som hinduar. Det er likevel sannsynleg at det internt i desse religionsgruppene også blir praktisert animisme blant somme av dei registrerte medlemmene.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Dei to offisielle språka i landet er portugisisk og tetum, eit lokalt austronesisk språk. I nasjonalforsamlinga er også indonesisk og engelsk definert som arbeidsspråk. Sjølv om Aust-Timor berre har om lag ein million innbyggjarar, er det grunn til å tru at det blir tala om lag 30-35 språk i landet, mellom anna bekais, bunak, dawan, fataluku, galoli, habun, idalaka, kawaimina, kemak, lovaia, makalero, makasai, mambai, tokoda og wetaresisk.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Aust-Timor er rangert som nummer 120 på HDI (Indeks for menneskeleg utvikling). Landet har ein BNP på 628 millionar US-dollar (est. 2010), altså 2 600 USD per innbyggjar.[3] Aust-Timor er eit jordbruksland og mellom 70 og 80 prosent av befolkninga lever av å dyrka mat til eige forbruk. Dei fremste eksportartiklane er kaffi, sandeltre og marmor. Olje og gass er likevel raskt i ferd med å etablera seg som viktigaste inntektskjelde. Landet har hatt ei positiv økonomisk utvikling dei siste åra. Aust-Timor har vore i ein gjenoppbyggingsfase etter at omtrent alt av infrastrukturen i landet blei øydelagd i frigjeringskrigen i 1999. I 2007 førte dårleg avling til svoltrelaterte dødsfall og svolt i sju av dei 65 udnerdistrikta i Aust-Timor.
Historisk sett har sandeltre, som blir brukt i parfyme og terapeutiske middel, vore hovudeksportproduktet frå Aust-Timor. Olje og gass er seinare blei ei av dei viktigaste inntektskjeldene for landet, og landet har oppretta Aust-Timors statlege investeringsfond, som kan minna mykje om Statens pensjonsfond - Utland. Aust-Timor manglar utdanna oljearbeidarar og oljebyråkratar. Noreg har derfor vore involvert gjennom Olje for utvikling med petroleumsrelaterte utdanningsprosjekt. Det same har LO-forbundet Industri Energi.[4]
Næringslivet elles er hovudsakleg jordbruk (kaffi, bomull og ris), fiske og handverk. Aust-Timor har ein relativt profitabel kaffiindustri; særleg etter kvart som Fair Trade har blitt eit meir ettertrakta konsept.[5]
Bistand
[endre | endre wikiteksten]Aust-Timor var rasert etter frigjeringa i 1999. Mellom 70 og 90 prosent (kjeldene varierer) av infrastrukturen var øydelagd og 75 prosent av befolkninga var på flukt.[6] Trass i relativt store olje- og gassressursar er Aust-Timor det fattigaste landet Asia. Landet har den høgaste fødselsraten i verda med gjennomsnitt 6-7 barn per kvinne, og relativt høg barnedøying. 60 % av den vaksne befolkninga er analfabetar. Aust-Timor har derfor vore avhengig av bistand sidan sjølvstendet i 2002
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Høgtider og fridagar
[endre | endre wikiteksten]Det er 15 offentlege fridagar i landet.[7][8]
Første nyttårsdag er den fyrste fridagen i året. 1. mai blir markert som den internasjonale kampdagen til arbeidarane, medan 12. november er ungdommens dag.[7][8] Fire offentlege fridagar er knytte til merkedagar i historia til landet. Den fyrste av desse er 20 mai, dagen for gjenopprettinga av sjølvstende, til minne om dagen i 2002 då landet på nytt blei ein sjølvstendig stat.[7][8] 30. august er minnedag for folkeavstemminga om sjølvstende i 1999. 28. november er dagen for sjølvstendeerklæringa til minne om dagen i 1975 då landet blei erklært uavhengig av Portugal. 7. desember blir markert som dagen for nasjonalheltane.[7][8] Indonesia invaderte Aust-Timor på denne datoen i 1975 og kampen mot okkupasjonen byrja.
Frå det kristne kyrkjeåret kjem ein del faste og bevegelege heilagdagar: langfredag, Kristi lekamsfest, allehelgensdag 1. november, alle sjelers dag 2. november, Maria unnfangingsdag og dagen for vernehelgenen til landet 8. desember, og dessutan fyrste juledag.[7][8]
To bevegelege offentlege fridagar markerer islamske høgtider: Idul fitri og Idul adha.[7][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Den gode viljen - ISBN 9788243004818 - Spartacus Forlag», spartacus.no, henta 6. juni 2024
- ↑ Nettavisen: Ramos-Horta skutt i magen Arkivert 12. februar 2008 på Wayback Machine., 11. februar 2008
- ↑ CIA World Factbook: Timor-Leste Arkivert 28. januar 2018 på Wayback Machine. En
- ↑ IndustriEnergi.no: Nærmere oljedrømmen Arkivert 13. januar 2012 på Wayback Machine.
- ↑ NRK.no: Kjøper kaffe fra Øst-Timor
- ↑ Regjeringen.no: Norsk bistand til Øst-Timor
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 «Feriados em 2016», Presidência do Conselho de Ministros. Lest 19. desember 2016.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «National holidays in 2015», Presidency of the Council of Ministers. Vitja 19. desember 2016.
- «Øst-Timor – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Øst-Timor» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2024.