Love Me Tender
Love Me Tender Singel av Elvis Presley | ||
B-side |
«Any Way You Want Me» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. oktober 1956 | |
Innspelt | 24. august 1956, 20th Century Fox Studios i Los Angeles | |
Sjanger | Pop[1] | |
Lengd | 2:41 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby | |
Tekstforfattar | Elvis Presley, Ken Darby | |
Låtskrivar(ar) | Musikk: George R. Poulton
Tekst: Ken Darby (ikkje tilskriven, Elvis Presley & Vera Matson oppført) | |
Produsent |
| |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Shake, Rattle and Roll»
(1956) |
Love Me Tender | «Too Much»
(1957)
|
Love Me Tender Singel av Richard Chamberlain frå albumet Richard Chamberlain Sings | ||
B-side |
«All I Do Is Dream of You» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1962 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | MGM Records | |
Komponist | George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby | |
Tekstforfattar | Elvis Presley, Ken Darby | |
Richard Chamberlain-kronologi | ||
«Theme From Dr. Kildare (Three Stars Will Shine Tonight)»
(1962) |
Love Me Tender | «All I Have to Do Is Dream» / «Hi-Lili, Hi-Lo»
(1963)
|
«Love Me Tender» er ein song frå 1956 spelt inn av Elvis Presley. Teksten og musikken er tilskriven Ken Darby under pseudonymet «Vera Matson», kona hans, og Elvis Presley. RCA Victor-innspelinga av Elvis Presley gjekk til topps på både Billboard- og Cashbox-lista i 1956. Songen var basert på melodien til «Aura Lee», ein sentimental borgarkrigsballade. Songen er blitt nytta i mange filmar som FM, Touched by Love, This is Elvis, Porky's Revenge, Wild at Heart, Die Hard 2, Honeymoon in Vegas, Backbeat, Gaudi Afternoon, Machine Gun Molly, The Princess Diaries 2: Royal Engagement, William Eggleston in the Real World, California Dreamin', Love in Space, Devil's Due, Just Before I Go og 90 Minutes in Heaven.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Love Me Tender» har ein melodi som er basert på borgarkrigssongen «Aura Lee», som vart publisert i 1861. Musikken til «Aura Lee» vart komponert av George R. Poulton og teksten var skriven av W.W. Fosdick. Han vart seinare populær på college-klubbar og barbersalongkvartettar. Han vart òg sungen ved U.S. Military Academy ved West Point i New York.
Teksten vart i hovudsak skriven av Ken Darby til borgarkrigsballaden, som var i offentleg eige. Songen vart publisert av Elvis Presley Music[2] og oppført som ein song av Presley og kona til Darby, Vera Matson. Presley fekk honorar som låtskrivar på grunn av avtalen hans med Hill & Range som kravde at låtskrivarane måtte gje frå seg halvparten av honorara for songen sin om dei ønskte at Presley skulle spele han. Presley bidrog særs lite med låtskriving til mange av songane han spelte inn.[3] Då Darby vart spurt om kvifor kona hans stod oppført som medlåtskrivar, svarte han «Fordi ikkje ho skreiv songen heller.»
Som med nesten alle dei tidlege RCA-innspelingane tok Presley kontroll i studio, trass i at han ikkje vart oppført som produsent. Han endra ofte på arrangementa og teksten til eit punkt der originalsongen ofte ikkje var å kjenne att. Ken Darby skildra Elvis Presley si rolle i songen: «Han tilpassa musikken og teksten til sin eigen. Elvis har det mest fantastiske øyret for slikt av alle eg har møtt. Han kan ikkje lese notar, men han treng det ikkje. Alt eg trong å gjere var å spele songen for han ein gong, og han gjorde songen til sin eigen! Han har perfekt bedømming om kva som er rett for han. Han utøvde den bedømminga når han valde 'Love Me Tender' som kjenningsmelodien sin.»[4]
Elvis Presley framførte «Love Me Tender» på The Ed Sullivan Show den 9. september 1956, kort tid før singelen kom ut og ein månad før filmen Love Me Tender (som songen opphavleg vart skriven for) kom på lerretet. Dagen etter fekk RCA ein million førehandsbestillingar, og han selde til gullplate sjølv før han kom ut. Studioet, 20th Century Fox, ville opphavleg kalle filmen The Reno Brothers, men gav han tittelen Love Me Tender for å utnytte populariteten til songen.
Filmprodusenten David Weisbart ville ikkje la det faste bandet til Presley (Scotty Moore, Bill Black og D.J. Fontana) spele på filmmusikken. I staden for spelte The Ken Darby Trio med Red Robinson på trommer, Charles Prescott på bass, Vita Mumolo på gitar, og Jon Dodson på korvokal, medan Presley berre song.
Elvis Presley-innspelinga
[endre | endre wikiteksten]Singelen debuterte på andreplassen på «Best Sellers in Stores»-lista, den første gongen ein singel debuterte så høgt på denne lista.[5]
Songen gjekk til topps på Billboard-lista veka som enda 3. november 1956, og låg her i fem veker. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen på lista. «Love Me Tender» nådde òg tredjeplassen i tre veker på R&B-lista.[6] I tillegg overtok «Love Me Tender» førsteplassen frå lista frå ein annan Presley-singel, «Hound Dog/Don't Be Cruel». Dette markerte to viktige hendingar i Billboard-historia. På denne tida sette Elvis rekord med lengste samanhengande periode på førsteplassen for same artisten, seksten veker i alt. Dette vart tangert av Boyz II Men i 1994 og stod i åtte år til før rekorden vart slått av R&B-songaren Usher i 2004 somm låg 19 veker på toppen av lista.
Denne versjonen vart rangert på 437. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
I 1968 spelte Presley inn ein 52 sekundar lang song kalla «Violet (Flower of N.Y.U.)» for filmmusikken til filmen The Trouble with Girls. Denne kom først ut etter Presley var død og var òg basert på «Aura Lee».
Sjølv om Presley berre spelte inn ein versjon av «Love Me Tender» i studio, vart det gjeve ut to konsertversjonar, NBC-TV Special (1968) og Elvis: As Innspelt at Madison Square Garden (1972), og fleire utgåver frå konsertar og fjernsyn vart gjeve ut etter Presley var død. Songen vert òg nytta i konsertfilmen Elvis on Tour (1972). Som ein ser i filmen, og andre filmopptak, song Presley ofte berre eit utdrag av songen og brukte resten av songen til å småprate med publikum, som regel kvinner.
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Love Me Tender - 2:41 - Innspelt 24. august 1956
- Love Me Tender (rulletekstversjon) - 1:08 - Innspelt 1. oktober 1956
- Love Me Tender (stereoversjon) - 2:42 - Innspelt 24. august 1956
CD-utgåva av EP-en Jailhouse Rock frå 1997 inneheld desse tre versjonane.
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- Richard Chamberlain sin versjon nådde 21. plasse på poplista i USA då han kom ut på singel i 1962, 15. plassen i Storbritannia og 31. plassen i Canada.[7]
- Percy Sledge fekk ein topp 40-hit med sin versjon i 1967 ed ein 40. plass på poplista og 35. plassen på R&B-lista. I tillegg nådde versjonen 35. plassen på singellista i Canada.
- B.B. King spelte inn songen i 1982 på albumet Love Me Tender.
- Albert King i 1970 på albumet King, Does the King's Things.
- Nat King Cole spelte songen på TV-showet sitt i 1950-åra
- Cliff Richard spelte songen på dansk TV i 2000 og gav han ut på albumet Wanted.
- Chuck Jackson i 1966 på albumet Dedicated to the King!!
- Johnny Hallyday spelte inn ein franskspråkleg versjon i 1967 kalla «Amour d'été».
- Julie Andrews og Johnny Cash spelte songen i 1982.[8]
- Connie Francis spelte songen i 1961 for film-songalbumet Connie Francis sings «Never on Sunday»; ho spelte originalen «Aura Lee» for albumet Connie Francis sings Folk Song Favorites same året.
- Della Reese spelte inn songen i 1983 for albumet Sure Like Lovin' You.
- Johnny Nash i 1970 på albumet Folk Soul og i 1969 som singel.
- Marty Robbins i 1970.
- The Lawrence Welk Show, to gonger i 1957, med Lawrence Welk på orgel og med The Lennon Sisters på vokal.
- Bert Kaempfert i 1973 på albumet Fabulous Fifties, MCA-3.
- Muslim Magomaev i 2007.
- Ricky Nelson framførte songen i TV-serien The Adventures of Ozzie and Harriet.
- The Platters gav ut songen i 1965 på singel.
- Gene Summers i 2008 på albumet Reminisce Cafe
- B.J. Thomas gav ut songen på samlealbumet Best of B.J. Thomas.
- Freddy Fender spelte inn songen for albumet Love Me Tender.
- Barry Manilow i 2010 på albumet The Greatest Love Songs of All-Time.
- Linda Ronstadt spelte inn songen i 1978 på Living in the USA.
- Engelbert Humperdinck spelte inn songen på albumet #1 Love Songs of All-Time.
- Norah Jones og Adam Levy spelte ein versjon av songen for a version of it for albumet The Princess Diaries 2: Royal Engagement[9]
- James Brown gav ut sin versjon på singel i 1978 med «Have A Happy Day» som B-side.
- Tony Bennett gav ut ein versjon i 1994 på albumet It's Now or Never: The Tribute to Elvis Presley.
- Frank Sinatra spelte songen i 1960 som ein duett med Elvis Presley og på samlinga Trilogy i 1980.
- Gitaristen Duane Eddy spelte inn songen i 1962.
- Willie Nelson spelte inn songen i 1985.
- Johnny Mathis spelte inn songen i 2010 på albumet Let It Be Me.
- Cerys Matthews framførte songen for BBC Radio 2, og spelte han inn i 2010 på albumet Dermot O'Leary Presents The Saturday Sessions.
- Pat Boone gav ut songen i 1963 på albumet hans Pat Boone Sings Guess Who?
- Thalía spelte inn songen i 2010 på albumet «Viva Elvis».
- Mick Ronson spelte inn songen i 1974 på albumet Slaughter on 10th Avenue.
- Vytautas Juozapaitis, ein soloist i Den litauiske nasjonaloperaen og balletten, spelte inn ein litauisk versjon kalla «Mylek Mane Svelniai» på debutalbumet Negaliu Nemyleti i 2004.
- Annette Peacock spelte inn songen i 1972 på albumet I'm the One.
- Scatman John spelte inn songen før han døydde i desember 1999 or samlealbumet The Best of Scatman John, som kom ut i 2002 i Japan.
- Deana Martin spelte inn songen i 2009. Songen kom ut på albumet Volare.
- Katie Waissel spelte inn ein versjon som vart sleppt på Internett.
- Mina gav ut ein versjon av songen på albumet 12 (American Song Book) i 2012.
- Jim Morrison spelte inn ein versjon under «Rock is Dead»-innspelinga.
- Andrea Bocelli spelte songen i 2013 på albumet Passione.
- Petula Clark spelte inn songen i 2013 på album Lost In You.
- Barbra Streisand spelte inn songen som ein duett med Presley, i 2014 foro albumet Partners. Sidan Presley døydde i 1977 vart det nytta eit sample frå den originale Presley-innspelinga frå 1956.[10]
- Jessica Simpson sin versjon kom ut på samlealbumet Lilo & Stitch: Island Favorites.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Me Tender (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Joe Stuessy (1990). Rock and Roll: Its History and Stylistic Development. Prentice Hall. ISBN 978-0-13-782426-7.
- ↑ Roger Lee Hall, Free As The Breeze: Confestions of a Struggling Songwriter, PineTree Press, 2007, s. 98.
- ↑ I følgje Peter Guralnick skreiv aldri Presley nokre av songane sine (Peter Guralnick, Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley, Little, Brown & Company, 1995), men han var medlåtskrivar på «You'll Be Gone» og «That's Someone You Never Forget».
- ↑ MANUEL (7. august 2014). «BLOGINROLL: Love Me Tender 1». Bloginroll.blogspot.com. Henta 29. september 2016.
- ↑ «Billboard: 20 Oct 1956». Nielsen Business Media, Inc. 20. oktober 1956. Henta 29. september 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 467.
- ↑ «Song title 938 - Love Me Tender». Tsort.info. Henta 29. september 2016.
- ↑ «Original versions of Love Me Tender by Julie Andrews & Johnny Cash». SecondHandSongs.com. Henta 29. september 2016.
- ↑ «The Princess Diaries 2: Royal Engagement». Billboard. Henta 29. september 2016.
- ↑ Nakashima, Ryan (14. oktober 2008). «Sony BMG split-up gives Sony more options». Los Angeles Times. Henta 31. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Love Me Tender innspeling, Hollywood, 1956, part 1.
- Love Me Tender innspeling, Hollywood, 1956, part 2.
- Love Me Tender / Anyway You Want Me Guide del av The Elvis Presley Record Research Database
- The Truth Behind Love Me Tender
- Heile songteksten på MetroLyrics
445: «I Wanna Be Your Dog» The Stooges |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 444 «Love Me Tender» Elvis Presley |
443: «Beast of Burden» The Rolling Stones |
- Elvis Presley-songar
- Songar skrivne av Elvis Presley
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Singlar frå 1956
- Singlar frå 1962
- Songar frå 1956
- RCA Records-singlar
- RCA Victor-singlar
- MGM Records-singlar
- Richard Chamberlain-songar
- The Lettermen-songar
- Merle Haggard-songar
- Norah Jones-songar
- Scatman John-songar
- Gene Summers-songar
- Linda Ronstadt-songar
- Amy Grant-songar
- Willie Nelson-songar
- Kenny Rogers-songar
- Tony Bennett-songar
- Frank Sinatra-songar
- Percy Sledge-songar
- B.B. King-songar
- Albert King-songar
- Nat King Cole-songar
- Cliff Richard-songar
- Johnny Hallyday-songar
- Julie Andrews-songar
- Conni Francis-songar
- Bert Kaempfert-songar
- Ricky Nelson-songar
- The Platters-songar
- Freddie Fender-songar
- Barry Manilow-songar
- Engelbert Humperdinck-songar
- James Brown-songar
- Johnny Mathis-songar
- Pat Boone-songar
- Anette Peacock-songar
- Andrea Bocelli-songar
- Barbara Streisand-songar
- Petula Clark-songar
- Jessica Simpson-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone