Tiny Timbrell
Tiny Timbrell | |||
Fødd | 15. januar 1917 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Canada | ||
Død | 7. mai 1992 (75 år) | ||
Fødenamn | Hilmer J. Timbrell | ||
Opphav | Los Angeles i California i [[USA ]] | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Elvis Presley, Doris Day, Billy Vaughn & His Orchestra, Rosemary Clooney, Bing Crosby, Harry James, Ricky Nelson, Marty Robbins | ||
Verka som | Studiomusikar, gitarist |
Hilmer J. Timbrell (15. januar 1917–7. mai 1992) var ein kanadisk-amerikansk studiomusikar og gitarist.
Hilmer J. «Tiny» Timbrell flytta til Los Angeles der han vart musikar. Ei stund selde han gitarar i Fife & Nichols, ein musikkforretning i Hollywood. Timbrell vart mykje nytta som gitarist i Warner Brothers Studios seint i 1940-åra og spelte i fleire filmar som ein del av eit band. Han spelte på innspelingar for artistar som Doris Day, Billy Vaughn & His Orchestra, Rosemary Clooney, Bing Crosby, Harry James og pop- og ountryartistar som Ricky Nelson og Marty Robbins.
Timbrell spelte rytmegitar for Elvis Presley, først i Radio Recorders i Los Angeles for filmmusikken for filmen Loving You og seinare fleire andre filmar som Presley spelte i.
I seinare år arbeidde Tiny Timbrell i Los Angeles som salsrepresentant for Chicago Musical Instrument Co, seinare kalla Norlin Music Corp., som på den tida eigde mange instrumentmerke som Gibson og Epiphone.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tiny Timbrell» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2016.