Årflot gard
Årflot | |||
stad | |||
Den gamle stovebygningen på Årflot
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Postnummer | 6150 ØRSTA | ||
Gardnummer | 43 | ||
Ferdselsårer | Fv 5902 | ||
Årflot er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Garden ligg på sørsida av Åmdalen, den nedste i dalen. Han ligg litt fram om åmotet mellom Åmdalselva og Follestaddalselva. Årflot grensar mot matrikkelgardane Åmbø, Ytre-Åm og Haugen, samt mot Sporstøyl i Melsbygda. Til Sporstøyl er 2 km og ubygt. Melsbygdvegen, Fv 5902, går frå Sporstøyl over Årflot til Ytre-Åm. Matrikkelgarden har gardsnummer 43 i Ørsta.
Årflot er ein fåbølt gard, føre 1872 var garden delt i to bruk. Garden låg lenge folketom etter Svartedauden, fyrst mellom 1603 og 1610 kom det bufaste folk. I mellomtida vart jorda nytta til seterstøl, derav namnet Støylen, som Årflot vart kalla til dagleg på 17-1800-talet.
Årflotstova
[endre | endre wikiteksten]På Årflot står ei gammal freda stovebygning som er datert til 1600-talet. Der vart både Sivert Aarflot og dottera Berte Kanutte fødd. Sivert budde der til i han i 1798 vart sett til lensmann i Volda skipreide, og flytte til Ekset.
I dag står det ein bautastein over båe desse to ved stova.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]- 1801: 10 personar (2 heimar)
- 1865: 26 personar (4 heimar)
- 1900: 17 personar (3 heimar)
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Sivert Aarflot (1759–1817), var frå garden og ei tid gardbrukar der.
- Dottera Berte Kanutte Aarflot (1795–1859), var i si tid bondekone på farsgarden.
- Rasmus Aarflot (1792–1845), lensmann, redaktør og stortingsmann
- Mauritz Aarflot (1821–1904), redaktør og stortingsmann
- Johannes Aarflot (1824–1891), bokhandlar og stortingsmann
- Andreas Aarflot (f. 1928), norsk teolog og biskop.
- Franzisca Aarflot (f 1963), norsk dramatikarer og sceneinstruktør
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Årflot gard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Ivar Myklebust: Ørsta, Ekset 1933