Andrea Palladio
Andrea Palladio | |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | november 1508 Padova |
Død |
ca. 19. august 1580 (71 år) |
Yrke | arkitekt, kunstteoretiker |
Språk | italiensk, venetiansk |
Medlem av | Accademia delle Arti del Disegno |
Ektefelle | Allegradonna |
Andrea Palladio på Commons |
Andrea Palladio, fødd Andrea di Pietro della Gondola, (30. november 1508–19. august 1580) var ein italiensk arkitekt.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Han vart fødd i Padova i republikken Venezia, og arbeida med steinhogging. Humanisten Giangiorgio Trissino såg talentet hans, og støtta han, i tillegg til å gjeva han kallenamnet «Palladio» etter Pallas Atene som er den greske gudinna for visdom. I 1541 vitja han Roma der han studerte oldtidas arkitektur, som gjorde eit djupt inntrykk på han.
Han er kjend for kyrkjene sine, palass og især villaar. Mange av bygningane hans vert funne i eller nær adoptivbyen hans Vicenza. To av Venezia sine store kyrkjer San Giorgo Maggiore og Il Redentore er teikna av Palladio.
Innverknad
[endre | endre wikiteksten]Boka til Palladio I Quattro Libri dell'Architettura uttrykkjer hans prinsipp: forhold, symmetri, bruk av antikke modellar og attgjev bygningsteinkningar av mange av prosjekta hans. Dei var grunnlaget for palladianismen, ei viktig arkitekturrørsle i det 18. hundreåret, som beundra Palladio og freista å etterlikna arkitekturformane hans.
Arkitektar dreg ofte på pilegrimsferd til Palladio sine villaar for. inspirasjon og læring.
Boka til Witold Rybczynski The Perfect House, Det Perfekte Huset beundrar arkitekturen hans.
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]Nokre av Palladio sine villaar har kome inn på UNESCO si verdsarvliste.[2]
- Villa Badoer
- Villa Emo
- Villa Cornaro
- Villa Foscari «La Malcontenta»
- Villa Capra «La Rotonda»
-
Il Redentore i Venezia.
-
«La Rotonda» i Vicenza.
-
Villa Barbaro i Maser i Veneto.
-
Villa Cornaro i Piombino Dese.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Andrea Palladio | Biography, Villa Rotonda, Works, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 24. november 2022
- ↑ Centre, UNESCO World Heritage, «City of Vicenza and the Palladian Villas of the Veneto», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 24. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Andrea Palladio» frå Wikipedia på dansk, den 24. november 2022.
Bakgrunnstoff
[endre | endre wikiteksten]- Andrea Palladio (2002). I Quattro Libri dell'Architettura (Engelsk oversettelse av Robert Tavernor og Richard Schofield utg.). MIT Press. ISBN 0-262-66133-0.
- Robert Tavenor (1991). Palladio and Palladianism. Thames & Hudson. ISBN 0-500-20242-7.
- James S. Ackerman (1966). Palladio. Penguin. ISBN 0-14-013500-6.
- Rybczynski, Witold (2002), The Perfect House: A Journey with the Renaissance Master Andrea Palladio (på engelsk), Simon and Schuster, ISBN 978-0-7432-0586-3