Euklidsk geometri
Utsjånad
(Omdirigert frå Evklidsk geometri)
Euklidsk eller evklidsk geometri er eit matematisk system tilskriven den greske matematikaren Euklid av Alexandria. Boka hans Elementa var den første systematiske diskusjonen rundt geometri. Denne boka har vore ei av dei viktigaste bøkene gjennom historia. Ho var geometrilærebok i den vestlege verda i nærare 2000 år og i desse åra var ikkje euklidsk naudsynt som adjektivt, fordi det fanst ikkje annan geometri.
Metoden gjekk ut på å godta nokre få aksiom, og deretter utgreie fleire teorem frå desse aksioma. Mange av resultat til Euklid hadde alt vorte bevist av greske matematikarar, men Euklid var den første til å vise at desse resultata kunne bli sett i samanheng i eit avansert deduktivt system.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Euklidsk geometri» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2011.