Gutnisk
Gutnisk | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Nordgermansk Oldgutnisk | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige | |
Gutnisktalande i alt | 15 000[1] | |
Språkkodar | ||
Glottolog | gutn1238
|
Gutnisk og gotlandsk (svensk gutamål, gutniska og gotländska) er ei gruppe skandinaviske mål frå Gotland. Gutnisk (Gutamål) blir rekna som eit eige språk, gotlandsk som dialekt av svensk[2]. Gutnisk stammar ikkje frå den vestnordiske eller austnordiske forma av norrønt, men frå gammalgotlandsk, forngutniska.
Gutnisk skil seg frå svensk og dansk, men er likt vestnordisk, i det at det framleis har diftongar, som i bain ('bein', svensk ben, auga ('auga', svensk öga) og droyma ('drøyma', svensk drömma). Lange vokalar er diftongert, som i sväin ('svin') og äut ('ut'). Målet har bevart lang a i til dømes skal ('skål') og g, k, sk og stj, også framfor fremre vokalar.
Døme på gutnisk
[endre | endre wikiteksten]Under er eit døme på Fader vår på gutnisk, omsett av Jacob Tofténius på midten av 1700-talet.[3]
Gotlandsk PATER NOSTER | Svensk FADER VÅR (eldre svensk versjon) |
---|---|
Oe fadur, du sum jäst i himmelij, | Fader vår som är i himmelen, |
hailigit varde titt nafn. | helgat varde ditt namn. |
Kume ditt reike näste us. | Tillkomme ditt rike. |
warde dein wilo, sum i himmelij så ukså pa jordene. | Ske din vilja, såsom i himmelen så ock på jorden. |
De dagliga braud gif us i dag, uk fyrilat us ora skulda, | Vårt dagliga bröd giv oss i dag, och förlåt oss våra skulder, |
sum vörr fyrilatum daim, sum us skulduga järo, | såsom ock vi förlåta dem oss skyldiga äro, |
uk laid aij us in i fristelse, | och inled oss icke i frestelse, |
Men heldur freia us fra deij aumba. | utan fräls oss ifrån ondo. |
Fyr reike jär ditt u makti uk herlighaiti | Ty riket är ditt och makten och härligheten |
i fran nå u i aiwiga teida. | i evighet. |
Amen. | Amen. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ethnologue 2005; gutnisk har 5000 morsmålsbrukarar og 10 000 annaspråksbrukarar
- ↑ Sveriges Utbildningsradio (UR): Gutamål och gotländska
- ↑ Bibeltexter av kyrkoherden Jacob Tofténius (Jacob Sudergute).
- «Gotland» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gutniska» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gutamålsgildet ved gutamal.org
- Gutamålet: Om det gutniska språket. ved gutamal.orgDenne språkartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.