Scheur
Utsjånad
(Omdirigert frå Het Scheur)
Scheur | |||
elv | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 10 km | ||
Kjelde | Nieuwe Maas, Oude Maas | ||
Munning | Nieuwe Waterweg | ||
Scheur 51°54′54″N 4°14′31″E / 51.915°N 4.242°E |
Scheur eller Het Scheur er ei grein av Rhinen-Maas-deltaet i Zuid-Holland i Nederland som renn vestover frå der elvane Oude Maas og Nieuwe Maas renn saman etter byane Rozenburg og Maassluis. Ho munnar ut i Nieuwe Waterweg som renn vidare til Nordsjøen.
Opphavleg var Scheur den nordlege greina av elva rundt øya Rozenburg og snudde sørover eit par kilometer etter Maassluis før ho rann saman med Nieuwe Maas igjen i Maasmond-estuaret nær Den Briel. Då Nieuwe Waterweg stod ferdig i 1872 vart Scheur demd opp og tilknytt austenden av Nieuwe Waterweg for å danne den nye kanaliserte hovudmunningen til Rhinen-Maas-deltaet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Het Scheur» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2008.