Kulturhus
Utsjånad
Kulturhus er eit hus eller eit bygg der det går føre seg ymse verksemd knytt til kultur. Eit kulturhus kan innehalda til dømes kinosal, konsertsal og teatersal. Det kan også omfatta galleri, museum, bibliotek og aktivitetsrom til mellom anna undervising for kulturskule eller idrettslokale.[1]
Større kulturhus har ofte skilde rom for ulike aktivitetar, medan mindre kulturhus kan ha berre eitt rom med ei scene eller berre ein talarstol. Ofte får eit kulturhus stønad frå til dømes ein kommune til dagleg drift.[1]
Særleg store kulturhus kan verta kalla kulturpalass.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Konserthus – ein type kulturhus bygd for framføring av musikk
- Folkets Hus – ein type kulturhus ofte knytt til fagrørsla
- Misjonshus – eit hus knytt til misjonsrørsla, men ofte nytta som eit kulturhus
- Bedehus – eit hus knytt til bedehusrørsla, men ofte nytta som eit kulturhus
- Ungdomslagshus – eit kulturhus knytt til ungdomslagsrørsla
- Fråhaldshus – eit hus knytt til fråhaldsrørsla, men ofte nytta som eit kulturhus
- Grendahus eller bygdehus – eit kulturhus i ei grend eller bygd
- (Ungdomshus) Kulturhus eigd av eit Ungdomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Kulturhus» i Store norske leksikon, snl.no.