Hopp til innhald

Måsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Måke)
Måsar
Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus Foto: Arild Vågen
Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus
Foto: Arild Vågen
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Måsar Larinae

Måsar, måkar eller måker er mellomstore til store fuglar som saman med terner, noddyar og saksenebbar utgjer måsefamilien. Dei fleste måseartane lever ved kyst og hav, få måseartar treffast langt til havs, krykkje som beitar pelagisk utanom hekkesesongen er eit unntak. Nokre artar kan treffast i innland, tildels langt frå hav, elvar og innsjøar. Måsar er utbreidde over heile verda, jamvel i Arktis og i utkanten av Antarktis. Det finst rundt rekna 50 artar, dei fleste vaksne måsar har drakter med kvit eller lys grå kropp, mørkare venger med mørke kanter, og nokre artar som hettemåse har mørkare hovud i sommardrakt. Unge, umodne måsar har gråbrune drakter, generelt finn ein frå ein til tre ulike årsklassar umodne fjørdrakter i tillegg til juvenil drakt og vaksen drakt, varierande med art.

Gråmåse, Larus argentatus, 1. eller 2. vinter.
Foto: Wikimedia-brukar Tuxyso
Magellanmåse, Leucophaeus scoresbii.
Foto: Luis Alejandro Bernal Romero
Sabinemåse, Xema sabini.
Foto: Ómar Runólfsson
Lavamåse, Leucophaeus fuliginosus.
Foto: Dick Daniels

Måsar er vanlegvis gråe eller kvite, ofte med svarte merke på hovudet og på vengene. Dei gjev ofte kraftige klagande rop, dei har kraftig, langt nebb og symjehud på føtene. Måseartane varierer i storleik frå dvergmåse på 120 gram og 29 cm til svartbak på 1,75 kg og 76 cm.

Dei fleste måseartane, spesielt Larus-artar, er predatorar i fuglefjell som tar levande føde eller åtsel når dei får høve. Av levande mat inngår òg krabbar og småfisk. Bortsett frå krykkja er måsar typiske kystfuglar eller dei lever i innland og vågar seg sjeldan inn i lauvskog eller langt til havs. Hos dei store artane tar det opptil fire år å oppnå fullvaksen fjørdrakt, men to år er typisk for små måsar. Dei store artane har vanlegvis høg levealder, opptil 49 år registrert for gråmåse.

Måsane hekkar i store, tettpakka og støyande koloniar. Dei legg to-tre flekkete egg i reir som er fora med vegetasjon. Ungane er tidleg utvikla, dei er fødde med mørke flekkar og kan gå straks etter klekkinga.

Spesielt dei store måsane er oppfinnsame, nysgjerrige og intelligente fuglar, demonstrerer utvikla metodar for kommunikasjon og ein godt utvikla sosial struktur. For eksempel finn ein samarbeidande mobbeåtferd i måsekoloniar. Dei angrip og plagar rovdyr og andre som treng inn på territoriet. I tillegg kan enkelte artar som gråmåse vist at dei kan nytte reiskap. Mange artar har lært å eksistere saman med menneske med suksess og har tilpassa seg innanfor mennesket sine leveområde. Somme artar stolar på kleptoparasittisme for å skaffe mat. Det er observert at måsar kan jakte frå levande kval, og at dei landar på kval for å hakke kjøtt, og freistnadar på å drepe kjæledyr som kattar.

Måsar er underfamilien Larinae, ei undergruppe av måsefamilien (Laridae) som igjen er medlemmar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien Laridae inneheld òg terner, noddyar og saksenebbar. Fram til ca. 2005 - 2008 var dei fleste måseartane plasserte i same slekta Larus, men denne inndelinga vart funnen å vere polyfyletisk og førte til at tre nye slekter blei oppretta.[1] BirdLife International held framleis på systematikken som samlar dei fleste måsar i Larus.[2]

Måsar, underfamilie Larinae, i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[5]

Slekt Creagrus

Slekt Rissa

  • Krykkje, Rissa tridactyla, Black-legged kittiwake, (Linnaeus, 1758), (VU)
  • Raudfotkrykkje, Rissa brevirostris, Red-legged kittiwake, (Bruch, 1855), (VU)

Slekt Pagophila

  • Ismåse, Pagophila eburnea, Ivory gull, (Phipps, 1774), (NT)

Slekt Xema

  • Sabinemåse, Xema sabini, Sabine's gull, (Sabine, 1819), (LC)

Slekt Chroicocephalus

  • Smalnebbmåse, Chroicocephalus genei, Slender-billed gull, (Brème, 1839), (LC)
  • Kanadahettemåse, Chroicocephalus philadelphia, Bonaparte's gull, (Ord, 1815), (LC)
  • Australmåse, Chroicocephalus novaehollandiae, Silver gull, (Stephens, 1826), (LC)
  • Maorimåse, Chroicocephalus bulleri, Black-billed gull, (Hutton, FW, 1871), (NT)
  • Andesmåse, Chroicocephalus serranus, Andean gull, (Tschudi, 1844), (LC)
  • Asiahettemåse, Chroicocephalus brunnicephalus, Brown-headed gull, (Jerdon, 1840), (LC)
  • Sørhettemåse, Chroicocephalus maculipennis, Brown-hooded gull, (Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
  • Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus, Black-headed gull, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Gråhovudmåse, Chroicocephalus cirrocephalus, Grey-headed gull, (Vieillot, 1818), (LC)
  • Namibmåse, Chroicocephalus hartlaubii, Hartlaub's gull, (Bruch, 1855), (LC)
  • Gulehavsmåse, Chroicocephalus saundersi, Saunders's gull, Swinhoe, 1871, (VU)

Slekt Hydrocoloeus

  • Dvergmåse, Hydrocoloeus minutus, Little gull, (Pallas, 1776), (LC)

Slekt Rhodostethia

  • Rosenmåse, Rhodostethia rosea, Ross's gull, (MacGillivray, W, 1824), (LC)

Slekt Leucophaeus

  • Magellanmåse, Leucophaeus scoresbii, Dolphin gull, (Traill, 1823), (LC)
  • Lavamåse, Leucophaeus fuliginosus, Lava gull, (Gould, 1841), (VU)
  • Lattermåse, Leucophaeus atricilla, Laughing gull, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Franklinmåse, Leucophaeus pipixcan, Franklin's gull, (Wagler, 1831), (LC)
  • Ørkenmåse, Leucophaeus modestus, Grey gull, (Tschudi, 1843), (LC)

Slekt Ichthyaetus

  • Mongolhettemåse, Ichthyaetus relictus, Relict gull, (Lönnberg, 1931), (VU)
  • Middelhavsmåse, Ichthyaetus audouinii, Audouin's gull, (Payraudeau, 1826), (VU)
  • Svartehavsmåse, Ichthyaetus melanocephalus, Mediterranean gull, (Temminck, 1820), (LC)
  • Steppemåse, Ichthyaetus ichthyaetus, Pallas's gull, (Pallas, 1773), (LC)
  • Raudehavsmåse, Ichthyaetus leucophthalmus, White-eyed gull, (Temminck, 1825), (LC)
  • Sotmåse, Ichthyaetus hemprichii, Sooty gull, (Bruch, 1855), (LC)

Slekt Larus

  • Tjukknebbmåse, Larus pacificus, Pacific gull, Latham, 1801, (LC)
  • Skarvmåse, Larus belcheri, Belcher's gull, Vigors, 1829, (LC)
  • Argentinamåse, Larus atlanticus, Olrog's gull, Olrog, 1958, (NT)
  • Japanmåse, Larus crassirostris, Black-tailed gull, Vieillot, 1818, (LC)
  • Oskemåse, Larus heermanni, Heermann's gull, Cassin, 1852, (NT)
  • Fiskemåse, Larus canus, Common gull, Linnaeus, 1758, (LC)
  • Kortnebbmåse, Larus brachyrhynchus, Short-billed gull, Richardson, 1831
  • Ringnebbmåse, Larus delawarensis, Ring-billed gull, Ord, 1815, (LC)
  • Præriegråmåse, Larus californicus, California gull, Lawrence, 1854, (LC)
  • Svartbak, Larus marinus, Great black-backed gull, Linnaeus, 1758, (LC)
  • Taremåse, Larus dominicanus, Kelp gull, Lichtenstein, MHC, 1823, (LC)
  • Gråvengmåse, Larus glaucescens, Glaucous-winged gull, Naumann, JF, 1840, (LC)
  • Kaliforniasvartbak, Larus occidentalis, Western gull, Audubon, 1839, (LC)
  • Gulfotsvartbak, Larus livens, Yellow-footed gull, Dwight, 1919, (LC)
  • Polarmåse, Larus hyperboreus, Glaucous gull, Gunnerus, 1767, (LC)
  • Grønlandsmåse, Larus glaucoides, Iceland gull, Meyer, B, 1822, (LC)
  • Gråmåse, Larus argentatus, European herring gull, Pontoppidan, 1763, (LC)
  • Amerikagråmåse, Larus smithsonianus, American herring gull, Coues, 1862, (LC)
  • Sibirmåse, Larus vegae, Vega gull, Palmén, 1887
  • Kaspimåse, Larus cachinnans, Caspian gull, Pallas, 1811, (LC)
  • Gulbeinmåse, Larus michahellis, Yellow-legged gull, Naumann, JF, 1840, (LC)
  • Armenarmåse, Larus armenicus, Armenian gull, Buturlin, 1934, (LC)
  • Skifermåse, Larus schistisagus, Slaty-backed gull, Stejneger, 1884, (LC)
  • Sildemåse, Larus fuscus, Lesser black-backed gull, Linnaeus, 1758, (LC)

Måsar som er hekkefuglar i Noreg med Svalbard og Jan Mayen er krykkje, ismåse, sabinemåse, hettemåse, dvergmåse, fiskemåse, gråmåse, grønlandsmåse, sildemåse, polarmåse og svartbak.

Fotnotar
  1. Clements et al, Updates & Corrections – December 2008 Ref til side 100
  2. BLI Data zone, søkeresultat Larus, henta 29. november 2014
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  5. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Måsar