Martin Luther King jr.
Martin Luther King jr. (15. januar 1929–4. april 1968) var ein afroamerikansk baptistprest, borgarrettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]King var fødd i Atlanta i den amerikanske sørstaten Georgia som son av presten Martin Luther King, Sr. og Alberta Williams King. King junior utdanna seg ved Morehouse College og Crozer Theological Seminary før han tok doktorgrad ved universitetet i Boston i 1955.[1]
Han blei kjend i 1955 som leiar for bussboikotten i Montgomery starta av Rosa Parks. I 1957 var han med på å at grunnlegga Southern Christian Leadership Conference, som skulle organisera borgarrettsrørsla. King gjekk inn for filosofien om sivil ulydnad, og leia talrike demonstrasjonstog for å setta fokus på dei manglande rettane til afroamerikanarane.
Den 14. oktober 1964 blei Martin Luther King den yngste mottakaren av Nobels fredspris til då.[2] Den best kjende talen til King er den som blir kalla «I Have a Dream», som han heldt i Washington DC i 1963.
Martin Luther King blei skoten av James Earl Ray på eit hotell i Memphis i Tennessee, der King var med på å organisera ein demonstrasjon for borgarrettar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Thorsen, Niels: Martin Luther King i Den Store Danske på lex.dk. Henta 4. april 2023.
- ↑ «Martin Luther King Jr.» (på engelsk). The Nobel Peace Prize. Henta 4. april 2023.
- ↑ Jahr, Ida; Sirevåg, Torbjørn: Martin Luther King i Store norske leksikon på snl.no. Henta 4. april 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tikkanen, A. I Have a Dream i Encyclopedia Britannica.