Hopp til innhald

Matti Nykänen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matti Nykänen


Statsborgarskap Finland
Fødd 17. juli 1963
Jyväskylä
Død 4. februar 2019 (55 år)
Joutseno
Idrett skihopping
Tok del i Skihopping under Vinter-OL 1984 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1984 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp
Utmerkingar Holmenkollmedaljen, ridder av 1. klasse av Finlands løves orden

Matti Nykänen (17. juli 19634. februar 2019) var tidenes mestvinnande skihoppar. I 1980-åra dominerte Nykänen internasjonal hoppsport som ingen andre har gjort, verken før eller seinare.

Nykänen var berre 18 år gamal då han i VM i Holmenkollen i 1982 kunne feira sin første store triumf. Han tok òg ein tittel i dei tre påfølgjande verdsmeisterskapane, i 1985, 1987 og 1989.

Etter den fyrste hoppvekesigeren i 1983 vann Nykänen sesongen etter gull i storbakken i OL i Sarajevo. I 1985 blei han verdsmeister i skiflyging i Planica, og hadde dermed gått til topps i alle dei viktigaste konkurransane. I 1987 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Nykänens kanskje aller beste sesong var i 1988, då han etter hoppvekesigeren dominerte fullstendig, og tok alle tre gullmedaljane i OL i Calgary. Nykänen tok si siste internasjonale medalje under VM i skiflyging i Vikersund i 1990 med sølv. Då han la opp i 1991, hadde han vunne 46 verdscuprenn.

Etter hoppkarrieren

[endre | endre wikiteksten]

Han fekk stadig større alkoholproblem utover i karrieren sin, og etter at han tok slutt har livet hans vore prega av rusmisbruk og vald. Hausten 2005 blei Nykänen sett i fengsel for å ha slått og mishandla kona. Då hadde det berre gått fire dagar sidan han slapp ut frå ei fengselsstraff der han sona ein dom for å ha knivstukke ein mann.

I den biografiske filmen Matti som kom i januar 2006, blei Nykänens tragiske liv etter hoppkarrieren dokumentert. I filmen blir det teikna eit bilde av ein naiv, ung Nykänen, som blir påverka av ein uheldig omgangskrets i mange av hans katastrofale vegval. Jasper Pääkönen speler Matti Nykänen i filmen. Han har aldersgrense på 18 år, men Nykänen seier sjølv at livet hans ikkje har høg nok grense.

I 2006 dukka Nykänen opp på norske TV-skjermar, i ein reklame for djuice, Telenor. I reklamen blei slagordet «Nå kan du også få kontroll» brukt, etter at det blir vist at Nykänen takkar nei til ein invitasjon til ein fest.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]