Hopp til innhald

Norges Bondelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk Bondelag)
Norges Bondelag
Skipa1896
HovudkontorOslo
LeiarBjørn Gimming
Medlemmer60 482
Nettstadhttps://www.bondelaget.no/
Fana til Norges Bondelag
Bønder protesterer mot landbrukspolitikken til Solberg-regjeringa; framfor Stortinget 20. mai 2014

Norges Bondelag er den største interesseorganisasjonen for bønder i Noreg. Bondelaget har som mål å «samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser.» Bondelaget forhandlar direkte med Staten om inntektsgrunnlaget til bønder, men Norges Bondelag tek ikkje imot statsstøtte. Organisasjonen er økonomisk og politisk uavhengig.

Laget vart oppretta i 1896 med tittelen Norsk Landmandsforbund, og førte på mange vis vidare tradisjonane frå den første veljarsameininga i landet, Bondevenane. Den gongen var føremålet å arbeide til beste for landbruksnæringa og prøve å påverke politiske avgjerder, ein tradisjon som er vidareført i det føremålet som ligg framme i dag.

I 1922 endra rørsla namn til Norges Bondelag, berre to år etter at landsmøtet hadde vedteke å opprette Bondepartiet (no: Senterpartiet), som skulle arbeide aktivt for bønder sine generelle interesser på Stortinget. Senterpartiet er i dag ikkje tilknytt Bondelaget.

Norges Bondelag har 61 000 medlemmer, delt på 607 lokallag og 18 fylkeslag.

Formenn/leiarar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bartnes valgt som leder i Bondelaget Arkivert 2014-06-06 ved Wayback Machine.. t-a.no (5. juni 2014)
  2. Bjørn Gimming er den nye bondelagslederen. Norges Bondelag. Besøkt 11. september 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]