Hopp til innhald

Organisasjonen av oljeeksporterande land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå OPEC)
Organisasjonen av oljeeksporterande land


BransjePetroleumsverksemd
Skipa14. september 1960
HovudkontorWien
Landinternasjonal
Produktpetroleum
Nettstadhttps://www.opec.org (engelsk)

Organisasjonen av oljeeksporterande land (engelsk Organization of the Petroleum Exporting Countries, forkorta OPEC) er ein internasjonal organisasjon som består av land som eksporterer petroleum. OPEC vart skipa 14. september 1960 i Bagdad i Irak. Frå 1965 har det internasjonale hovudkvarteret til organisasjonen vore i Wien i Austerrike. Føremålet til organisasjonen er å forhandla med oljeselskap om rettar knytt til petroleumsutvinng, prisar, og konsesjonsrettar. Landa som er med i OPEC har ei sams interesse i å halda oppe prisane på petroleumsprodukt, av di inntektene frå eksport av slike produkt utgjer ein stor del av nasjonaløkonomien. Landa som er med i OPEC kontrollerer etter offisielle tal kring 75 prosent av petroleumsressursane i verda. Kring 40 prosent av oljeforbruket i verda kjem frå OPEC-landa.

I 2016 signerte OPEC ein avtale med 10 andre oljeutvinnande land, mellom dei Russland, og skipa med det OPEC+. Russland var då den tredje største oljeksportøren i verda.[1]

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
Tidlegare
  1. «What is OPEC+ and how is it different from OPEC?». U.S. Energy Information Administration. 18. desember 2023. Henta 23. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]