Granslekta
Utsjånad
(Omdirigert frå Picea)
Granslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Cycadophytanae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Underfamilie: | Piceoideae |
Slekt: | Granslekta Picea A.Dietr., 1824 |
Granslekta (Picea) er ei planteslekt av eviggrøne bartre i furufamilien. Dei er høge tre med greiner feste i regelmessige kransar. Nålene er stikkande, firkanta i tverrsnitt og festa på tappforma forhøgningar. Trea ber hengande konglar som fell av når dei er mogne.
Vanleg gran er det vanlegaste treet av denne slekta i Noreg, medan andre typar helst må vera utplanta. Edelgran høyrer ikkje til granslekta.
Artar
[endre | endre wikiteksten]- 1: Picea – Konglar med tjukke skjel, nåler kvadratiske i tverrsnitt
- 1a – Konglar med stort sett spisse skjel, nåler sløve eller halvvegs kvasse
- Gran (Picea abies)
- Picea asperata, vestre Kina
- Picea meyeri, nordre Kina
- Picea koraiensis, Korea, nordaustre Kina
- Picea koyamae, Japan (fjell)
- 1b – Konglar med jamnt avrunda skjel; nåler sløve eller halvvegs kvasse
- Orientgran (Picea orientalis), Kaukasus, nordaustre Tyrkia
- Picea morrisonicola, Taiwan (høgfjell)
- Picea wilsonii, vestre Kina
- Picea obovata, nord i Norden, Sibir
- Picea schrenkiana, Sentral-Asia, fjell
- Picea smithiana, vestre Himlaya
- Picea alpestris, Alpane i Europa
- 1c – Konglar med jamnt avrunda skjel, kvasse nåler
- Picea maximowiczii, Japan (fjell)
- Picea torano, Japan.
- Picea neoveitchii, nordvestre Kina (truga)
- Picea martinezii, nordaustre Mexico (truga)
- Picea chihuahuana, nordvestre Mexico
- 1a – Konglar med stort sett spisse skjel, nåler sløve eller halvvegs kvasse
- 2: Omorika – Konglar med tjukke, bølgande skje, nåler svært flate
- 2a – Konglar med stort sett avrunda skjel, nåler flate, kvite på undersida
- Picea breweriana, Klamathfjella i Nord-Amerika
- Picea brachytyla, sørvestre Kina
- Picea farreri, nordaustre Burma, sørvestre Kina (fjell)
- Serbargran (Picea omorika), Serbia, dyrkingsområde
- 2b – Konglar med hovudsakleg bølga skjel; nåler noko flate, ofte lysare på undersida.
- Svartgran (Picea mariana), nordre Nord-Amerika
- Picea rubens, nordaustre Nord-Amerika
- Picea glehnii, nordre Japan
- Picea alcockiana, fjellområde i Japan
- Purpurgran (Picea purpurea), vestre Kina
- Picea balfouriana, vestre Kina
- Picea likiangensis, sørvestre Kina
- Picea spinulosa, austre Himalaya
- 2a – Konglar med stort sett avrunda skjel, nåler flate, kvite på undersida
- 3: Casicta – Konglar med svært tynne, bølgande skjel
- Kvitgran (Picea glauca), nordre Nord-Amerika
- Engelmannsgran (Picea engelmannii), fjella i vestre Nord-Amerika
- Sitkagran (Picea sitchensis), stillehavskysten av Nord-Amerika
- Picea jezoensis, Nordaustasia, Kamsjatka sør til Japan.
- Blågran (Picea pungens), Rocky Mountains i Nord-Amerika
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gran-slægten» frå Wikipedia på dansk, og «Spruce» frå Wikipedia på engelsk den 31. desember 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ulike artar og kultivarar av grantre Arkivert 2005-12-16 ved Wayback Machine.