Fastelavnssundag
Utsjånad
(Omdirigert frå Quinquagesima)
Fastelavnssundag, i Den norske kyrkja offisielt kalla sundag før faste, er den siste sundagen før faste og den siste sundagen i openberringstida.
Fastelavn, frå lågtysk, tyder eigentleg faste-aftan, kvelden før faste, og er ei nemning for festen dei tre dagane før langfasta. I gamle kyrkjebøker kan vi finne dagen under namnet quinquagesima, av latin, 'den femtiande dagen (før påske)'. Dagen har også vore kalla esto mihi, etter opningsorda på introitus denne søndagen: «Esto mihi in Deum protectorem, et in locum refugii, ut salvum me facias» (Salmane 31,3).
Fastelavnssøndag vil alltid falle på ein søndag 49 dagar (7 veker) før 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 1. februar til 7. mars, eller i skotår 2. februar til 7. mars.
År | Dato for fastelavn |
---|---|
2023 | søndag 19. februar |
2024 | søndag 11. februar |
2025 | søndag 2. mars |
2026 | søndag 15. februar |
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]- Heilagdagar i Noreg med dato for rørlege heilagdagar i Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nils Johan Stoa og Per-Øivind Sandberg: Våre røtter Cappelen 2001 ISBN 82-02-20848-3
- Paul Erik Wirgenes: Fra søndag til søndag Verbum Forlag 2006 ISBN 87-543-1068-8
- «fastelavn» i Nynorskordboka.