Hopp til innhald

Santiago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Santiago de Chile)
Santiago
hovudstad
Satellittbilete av byen.
Flagg
Symbol
Land  Chile
Høgd 520 m
Areal 837,89 km²
Folketal 6 257 516 (2017)
Grunnlagd 12. februar 1541
Tidssone UTC -4
Kart
Santiago
33°26′15″S 70°39′00″W / 33.4375°S 70.65°W / -33.4375; -70.65
Wikimedia Commons: Santiago de Chile

Santiago de Chile er hovudstaden og den største byen i Chile. Dei lovgjevande styresmaktene i landet møtest likevel i Valparaíso, som ligg i nærleiken.

Byen ligg i den midtre dalen i Chile, i Región Metropolitana de Santiago, og har 5 278 044 innbyggjarar (2009), rundt ein tredel av alle chilenarar. Heile byområdet har ifølgje same folketeljinga 6 910 000 innbyggjarar.[treng kjelde]

Santiago blei grunnlagd av Pedro de Valdivia den 12. februar 1541 med namnet Santiago de Nueva Extremadura. Valdivia valde denne staden på grunn av det vennlege klimaet og fordi ein lett kunne forsvara byen.

Santiago har eit mildt middelhavsklima med ein relativt varm sommar, der temperaturen kan stiga til 35 °C. Vintrane er fuktige med typiske dagstemperaturar på 15 °C. Gjennomsnittleg nedbør er 360 mm per år.

Folk frå Santiago

[endre | endre wikiteksten]
Utsyn over Santiago de Chile.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Santiago