Hopp til innhald

Snorre Sturlason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Snorre Sturlasson)
Snorre Sturlason

Snorre Sturlason teikna av Christian Krohg til Heimskringla.
Verkeleg namn Islandsk Snorri Sturluson
Statsborgarskap Island
Fødd 1179
Hvammur
Død

23. september 1241 (62 år)
Reykholt

Yrke skribent, skald, historikar, politikar, diplomat, lyrikar
Språk norrønt, islandsk
Far Sturla Tordsson den eldre
Ektefelle Hallveig Ormsdóttir
Snorre Sturlason på Commons

Snorre Sturlason eller Sturluson (norrønt Snorri Sturluson; 117823. september 1241) var ein islandsk hovding, forfattar og skald.

Snorre var to gonger lagmann eller lovseiemann på det islandske Alltinget. Som lagmann hadde han ei maktstilling på Island. Snorre engasjerte seg mykje i ymse politiske spørsmål. Han vart drepen på grunn av at han stødde eit opprør mot kongen av Noreg, kong Håkon Håkonsson.

Snorre siglde sommaren 1218 frå Island til Noreg, og var der til 1220. Der gjesta han fyrst Skule Jarl (Skule Bårdsson) over vinteren. Sommaren etter var han i Sverige. Snorre støtta Skule Jarl i kampen mot kong Håkon Håkonsson.

Andre gong han var i Noreg var frå 1237 til 1239. Snorre vart i denne tida stempla som forrædar, og fekk forbod mot å reisa ut av Noreg. Snorre fór til Island mot kong Håkon sin vilje. Håkon lét Gissur Torvaldsson drepa Snorre. Gissur og ein flokk menn tok livet av Snorre den 23. september 1241. Snorre var då på garden sin, Reykholt.

Skrifter av Snorre

[endre | endre wikiteksten]