Torunn
Utsjånad
(Omdirigert frå Torun)
- «Torun» omdirigerer hit. For byen i Polen, sjå Toruń.
Torunn er ei eit kvinnenamn med opphav i det norrøne namnet Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.
Namnet var nesten ikkje bruke i Noreg på 1800-talet, derimot var mange målføreformer, som Taran (Buskerud, Telemark), Tøran (Oppland) og Tåren (Rogaland) utbreidde.
På 1900-talet vart forma Torunn meir populær, med ein topp på 1950-talet.
I Noreg har Torunn namnedag 23. februar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1801 var det ingen som hadde namn som byrja på Torun.
I teljinga frå 1900 var det 13 kvinner som vart manntalsførte med namna Torunn, Torund eller Torun.
I 2008 var det nær 4 600 kvinner som hadde Torunn til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Torunn Ystaas (f. 1943), norsk forfattar
- Torunn Lauvdal (f. 1947), professor og rektor ved Universitetet i Agder
- Torunn Janbu (f. 1954), norsk kirurg, overlege og president i Den norske legeforening
- Torunn Berge (f. 1956), norsk forfattar
- Torun Lian (f. 1956), norsk forfattar og filmregisør
- Torunn Borge (1960-2014), norsk forfattar og litteraturmeldar
- Torun Eriksen (f. 1977), norsk jazzmusikar og tekstforfattar
- Torunn Herje, norsk arkeolog
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Torunn hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4