Transili-Alatau
Utsjånad
(Omdirigert frå Trans-Ili Alatau)
Transili-Alatau (russisk Заилийский Алатау, Zailijskij Alatau) er ein del av dei nordlege Tian Shan-fjella i Kasakhstan i Sentral-Asia. Ho er den nordlegaste fjellkjeda i Tian Shan med ei lengd på 350 km og ei høgd på opp til 4 973 meter over havet med Pik Talgar. Namnet Alatau refererer til ei rekkje fjell i området. Fjellkjeda grenser i nord til Ili-senkinga ved elva Ili, som har gjeve namn til fjellkjeda.
Den tidlegare hovudstaden i Kasakhstan, Almaty, ligg ved foten av fjella.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trans-Ili Alatau» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.