Underordenen Tyranni
Tyranni | |
Saksetyrann, Tyrannus forficatus Foto: Gary Kramer
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld over 1300 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.
Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eit forenkla diagram som syner fylogenetiske samband innanfor underorden Tyranni. Basert på Carl H. Oliveros et al. (2019)[1] |
Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.
- Eurylaimides inneheld suboscines i «den gamle verda» - hovudsakleg distribuert i tropiske område rundt Indiahavet. Ein einskild amerikansk art, sapayoa er i sin eigen familie.
- Grønbreinebbfamilien (Calyptomenidae)
- Sapayoa (Sapayoidae)
- Breinebb (Eurylaimidae)
- Asitiar (Philepittidae)
- Pittaer (Pittidae)
- Tyrannides samlar alle suboscine artar i Amerika, unntaket er amerikanske sapayoa.
- Furnariida
- Maurfuglar (Thamnophilidae)
- Myggetarar (Conopophagidae)
- Maurpittaer (Grallariidae)
- Maurrikser (Formicariidae)
- Omnfuglar (Furnariidae)
- Tapakuloar (Rhinocryptidae)
- Månesmettar (Melanopareiidae)
- Tyrannida
- Furnariida
Gruppe | Tal på artar, gruppe |
---|---|
Tyranni i «den gamle verda» | 64
|
Undergruppe Furnariida - «nye verda» | 600
|
Undergruppe Tyrannida - «nye verda» | 701
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Tyranni» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011
- Harshman, John. 2007. Suboscines. Version 18 September 2007. I The Tree of Life Web Project Lest 3. februar 2011
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Carl H. Oliveros et al. (2019). Earth history and the passerine superradiation. Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America. 116 (16): 7916–7925. doi:10.1073/pnas.1813206116