Den vesteuropeiske unionen
Den vesteuropeiske unionen | |||
Skipa | 1954 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Brussel | ||
Nettstad | http://www.weu.int/ | ||
Oppløyst | 2011 |
Den vesteuropeiske unionen (engelsk Western European Union, WEU, fransk Union de l'Europe occidentale, UEO) var ein delvis uverksam forsvar- og tryggleiksorganisasjon sett saman av 10 statar som alle var medlemmar av både NATO og EU. Fleire av funksjonane til organisasjonen blei etter den kalde krigen overførte til den sams utanriks- og tryggleikspolitikken til EU.
I 2009 tok Lisboatraktaten over klausulen om gjensidig forsvar frå unionen. Etter dette vart det mykje diskusjonar om kva som skulle skje vidare med unionen. 30. mars 2010 gav Chris Bryant skriftleg melding om at Storbritannia ville trekkja seg ut frå unionen innan eit år. Eit kollektivt vedtak hadde vorte gjort om å avslutta den vesteuropeiske unionen innan juni 2011. Alle aktivitetane til unionen vart avslutta innan juli same året.
Deltakande statar
[endre | endre wikiteksten]Den vesteuropeiske union hadde ti medlemsstatar, seks assosierte medlemsstatar, fem statar med observatørstatus og sju assosierte partnarstatar.
Medlemsstatar:
- Frankrike
- Tyskland
- Italia
- Storbritannia
- Belgia
- Nederland
- Luxembourg
- Portugal (1990)
- Spania (1990)
- Hellas (1995)
Assosierte medlemsstatar:
Observatørstatar:
- Danmark
- Irland
- Austerrike (1995)
- Sverige (1995)
- Finland (1995)
Assosierte partnarstatar: