Hopp til innhald

Teater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. oktober 2011 kl. 16:35 av Escarbot (diskusjon | bidrag) (r2.5.5) (robot la til: km:ល្ខោន fjerna: ml:നാടകകല)

Teater er ei kunstform der ein eller fleire skodespelarar opptrer, gjerne sminka og utkledde, for eller saman med eit publikum. Som oftast er ei framsyning nøye fastlagt og innøvd, men skodespelarane kan au improvisere.

Ei teatergruppe på scenen.

Røter

Mange teater er bygde i gresk stil.

Den best kjende forma for teater er truleg den der tilskodarane i ein sal ser inn på ein scene kor eit dramatikerskrivi skodespel blir framført gjennom handling og dialog.

Denne forma har utvikla seg frå gresk teater, som blei framført i amfiteater. Denne mykje elska kunstforma stamma opphavleg frå rituelle framføringar av myter gjennom musikk, ord og handling, ei form for teater ein kan finna i dei fleste kulturar.

Grekarane delte teateret inn i tre sjangrar, komedie, satyrspill og tragedie. Denne læra prega europeisk teaterkunst i lang tid framover, og dei som skreiv skodespel prøvde gjerne å skriva det ein eller det andre.

Utvikling

Teater er blitt brukt til underhalding og samfunnskritikk. I vår tid er likevel det reine teateret blitt mindre viktig. Det finst mange nye konkurrentar, både for publikum og dei som ønsker å ytra seg, til dømes film, fjernsyn og andre media.

Greiner

Teateret har ei rekke greiner, frå miming der ein ordlaus skodespelar opptrer for tilskodarane, gjerne utan eller med minimalistisk scenografi, til opera og musikalar som kan vera eit fyrverkeri av musikk, dans, scenografi, lys og tekst.

Former og tradisjonar

Teater

Sjå au

Utøvarar som har sett spor