Myte
Utsjånad
Ein myte (frå gresk μῦθος mythos «munnleg forteljing») kan vere
- ei symbolsk framstilling, forteljing eller segn overlevert frå førhistorisk tid om skapinga, gudar og viktige hendingar; gudesegn .
- ei utbreidd falsk (el. skeiv) oppfatning[1]
I den første tydinga av ordet utgjer ei samling mytar frå ein kultur til saman mytologien i denne kulturen.
Mytar, segner og legender
[endre | endre wikiteksten]Mytar skjer, i motsetnad til ei segn eller ei legende, som regel utanfor tid og rom. Ein myte skil seg frå ei segn ved at myten forsøkjer å forklare kvifor verda skikkar seg som ho gjer, medan segner oftare fokuserer på sosiale konfliktar. Legender byggjer på konkrete hendingar som går for å vere sanne.