Hopp til innhald

Olav Midttun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. mai 2013 kl. 19:16 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna skanwikikommentar; kosmetiske endringar)

Olav Midttun, 8. april 18835. januar 1972 var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 19341940 og 19451947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 19401945 og 19471953. Han var fødd i Mauranger i Kvinnherad og døydde i Bærum.

Riksprogramsjef

Olav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste riksprogramsjefen i NRK. Han var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Middtun innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947. Året etter vart det innførd ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på å få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk. Han fekk Melsom-prisen i 1961.

Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for det nynorske tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv.

Litteratur

  • Almenningen, Hoel, Pilskog og Tangen: Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3
  • Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! : kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
  • Gram, Harald og Steenstrup, Bjørn: Hvem er hvem? 1955, Oslo 1955.
  • Midttun, Olav: Livsminne, Oslo 1971.
  • Midttun, Olav: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar , Oslo 1968.
  • Midttun, Olav med fleire: Studentmållaget 50 år : 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952.