Olav Midttun
Olav Midttun | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1883 Kvinnherad kommune |
Død |
5. januar 1972 (88 år) |
Yrke | lingvist, redaktør, biograf, filolog |
Organisasjon | Universitetet i Oslo |
Politisk parti | Venstre |
Olav Midttun på Commons |
Olav Midttun (fødd 8. april 1883 i Mauranger, død 5. januar 1972 i Bærum) var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1953.
Riksprogramsjef
[endre | endre wikiteksten]Olav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste riksprogramsjefen i NRK. Han var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Middtun innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947. Året etter vart det innført ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på å få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk. Han fekk Melsom-prisen i 1961.
Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Almenningen, Hoel, Pilskog og Tangen: Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3
- Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! : kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
- Gram, Harald og Steenstrup, Bjørn: Hvem er hvem? 1955, Oslo 1955.
- Midttun, Olav: Livsminne, Oslo 1971.
- Midttun, Olav: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar , Oslo 1968.
- Midttun, Olav med fleire: Studentmållaget 50 år : 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952.