Olav Midttun
Olav Midttun, (8. april 1883–1972) var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1953. Han var fødd i Mauranger i Kvinnherad og døydde i Bærum.
Riksprogramsjef
Olav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste og einaste riksprogramsjefen i NRK. Etter Midttun vart tittelen "kringkastingssjef". Midttun var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart han innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947 då det vart innførd ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på å få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk.
Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for det nynorske tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv.
Litteratur
- Almenningen, Hoel, Pilskog og Tangen: Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3
- Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! : kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
- Gram, Harald og Steenstrup, Bjørn: Hvem er hvem? 1955, Oslo 1955.
- Midttun, Olav: Livsminne, Oslo 1971.
- Midttun, Olav: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar , Oslo 1968.
- Midttun, Olav med fleire: Studentmållaget 50 år : 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952.