Hopp til innhald

Li Ning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Li Ning


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 8. september 1963 (61 år)
Liuzhou
Idrett turn
Tok del i Asialekene 1982, Asialekene 1986, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's vault
Utmerkingar honorary doctor of the Hong Kong Polytechnic University

Li Ning (fødd 8. september 1963) er ein kinesisk forretningsmann og tidlegare turnar. Han er av zhuangfolket i byprefekturet Liuzhou i den autonome regionen Guangxi. Li vart trefaldig olympisk meister under Sommar-OL 1984, verdsmeister i lagkamp 1983 og i ringar i 1985.

Li var med i det kinesiske seksmannslaget som vann bronse i lagkampen i Turn-VM 1981 i Moskva. To år seinare var han meir sentral i Kina-laget som tok gull i lagkampen i Turn-VM 1983 i Budapest, ein meisterskap der han vart andremenn i hopp og tredjemann i frittståande og ringar. Under dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles sanka Li 6 medaljar Han vann gullmedaljar i bøylehest, frittståande og ringar, sølvmedaljar i hopp og i lagtevlinga og bronsemedaljen i mangekampen. Ved Turn-VM 1985 i Montreal sikra han seg gull i ringar, sølv i bøylehest og i lagtevlinga, samt bronse i frittståande. I Turn-VM 1987 i Rotterdam enda han opp med sølvmedalje i ringar og i lagtevlinga. Han la opp som turnar etter å ha kome på femteplass i frittståande ved Sommar-OL 1988 i Seoul.

I 1989 grunnla han Li-Ning Company, ein leiande produsent av idrettsutstyr, sko og treningsty. Li er framleis styreformann i selskapet.

Under opninga av Sommar-OL 2008 i Beijing tende Li Ning den olympiske elden ved å verte heist opp i lufta med kablar og «springe» i lufta rundt stadionet.

Kjelder