Aboa forskingsstasjon
Utsjånad
Aboa | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Nordenskiöldbasen | ||
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 73°03′S 13°25′W / 73.050°S 13.417°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Aboa i Antarktis 73°03′00″S 13°25′00″W / 73.05°S 13.416666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Aboa station |
Aboa (frå det latinske namnet på Åbo) er ein finsk forskingsstasjon i Antarktis. Han vart bygd i 1988 og ligg i Dronning Maud Land, kring 130 kilometer frå kysten, på ein nunatak kalla Basen i Vestfjella. Stasjonen vart utforma og bygd av VTT og finansiert av det finske handelsdepartementet.[1]
Stasjonen er berre i bruk om sommaren. Han har plass til 12 menneske, men kan utvidast for korte periodar for ei besetning på opp til 18 menneske.[1]
Den svenske stasjonen Wasa ligg 200 meter unna. I lag dannar Aboa og Wasa Nordenskiöldbasen. Dei to stasjonane samarbeidar tett.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aboa (research station)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Aboa-stasjonen, på Finnish Antarctic Research Program (FINNARP)
- ↑ Forskingsstasjonar Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine., Swedish Polar Research Secretariat