Esperanza-basen
Esperanza-basen | |||
stasjon | |||
Esperanza-basen, Hope Bay, i 2012
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Hope Bay på Trinityhalvøya på Den antarktiske halvøya | ||
• høgd | 25 moh. | ||
- koordinatar | 63°24′S 56°59′W / 63.400°S 56.983°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Esperanza-basen 63°23′49″S 56°59′53″W / 63.396959°S 56.998054°W | |||
Wikimedia Commons: Esperanza Station |
Esperanza-basen (spansk Base Esperanza) er ein argentinsk forskingsbase i Hope Bay på Trinityhalvøya på Den antarktiske halvøya. Han er den einaste av berre to sivile busetnader i Antarktis; den andre er den chilenske Villa Las Estrellas.
Basen vart bygd i 1952[1][2] og husar 55 personar om vinteren, inkludert 10 familiar og to lærarar. Skulen #38 «Julio Argentino Roca» vart skipa i 1978 og fekk usjølvstendig status i 1997. LRA 36 Radio Nacional Arcángel San Gabriel er ein radiostasjon som starta å sende i 1979.
Middeltemperaturen er -5,5 ºC og varierer gjennom året frå -10,8 ºC om vinteren til 0,2 ºC om sommaren. Sidan ein middeltemperaturen ein av månadane så vidt er over frysepunktet vert klimaet klassifisert som arktisk tundraklima i Köppen-systemet. Temperaturtrenden sidan 1948 er +0,0315 °C/år, +0,0413 °C/år om vinteren og +0,0300 °C/år om sommaren.
Dei 42 bygningane på stasjonen har eit samla areal på 3744 kvadratmeter[3], 18 000 liter med brenser vert nytta kvart år i fire generatorar som produserer straum for stasjonen. Det vert forska innan glasiologi, seismologi, oseanografi, kystøkologi, biologi, geologi og limnologi.
Esperanza-basen er noko kjend fordi han er fødestaden til Emilio Marcos Palma, den første personen som vart fødd i Antarktis. Basen har turistfasilitetar og vert vitja av kring 1100 turistar årleg.
Ein vindturbin vart sett opp i 2008.video
Vêrdata for Esperanza | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 14,8 | 13,7 | 12,6 | 13,7 | 14 | 12,8 | 10,9 | 13 | 10,5 | 17 | 10,3 | 14,6 | 17 |
Gjennomsnittleg maks °C | 3,1 | 2,6 | −0,4 | −3,4 | −5,6 | −6,6 | −6,4 | −6,2 | −2,7 | 0,3 | 1,3 | 3,2 | −1,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 0,5 | −0,5 | −3,1 | −7,3 | −9,6 | −10,9 | −10,8 | −10,5 | −7 | −3,6 | −1,7 | 0,4 | −5,3 |
Gjennomsnittleg min °C | −1,8 | −2,9 | −6,4 | −11,1 | −13,4 | −15,1 | −15 | −14,7 | −11,1 | −7,4 | −4,6 | −2,1 | −8,8 |
Lågast målte °C | −6,9 | −12 | −20,9 | −26 | −29,6 | −30 | −32,3 | −31 | −27 | −23 | −17,8 | −8,9 | −32,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 56,2 | 65 | 75,5 | 59,1 | 54,4 | 47,4 | 54,1 | 72,1 | 62,2 | 56,4 | 65 | 59 | 726,4 |
Kjelde: Servicio Meteorologico Nacional,[4] NOAA[5] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Esperanza-basen» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ official site
- ↑ ESPERANZA at marambio.aq
- ↑ Google Earth satelitt images
- ↑ «B. Espernza Statistical Data (1981-1990)» (på spansk). National Meteorological Service of Argentina. Henta 8. mars 2014.
- ↑ «Base Esperanza Climate Normals 1961-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 8. mars 2014.
- Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, p. 156-157.
- Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, p. 73.
- Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 302-304.
- Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p. 469.
- U.S. National Science Foundation, Geographic Names of Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Council Of Managers Of National Antarctic Programs: Base Esperanza Arkivert 2007-07-04 ved Archive.is
- Temperaturar
- (spansk) Den argentinske hæren om basen
- Offisiell nettstad for Direccion Nacional del Antartico
- (spansk) Fundaciòn Marambio Esperanza-basen
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.