Nertsjinsk
Utsjånad
Nertsjinsk Нерчинск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Zabajkalskij kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1653 1689 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
14 225 | ||
Koordinatar | 51°59′N 116°35′E / 51.983°N 116.583°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
YAKT (UTC+9) YAKST (UTC+10) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 30242 |
Nertsjinsk (russisk Не́рчинск, mandsju Nibcu hoton, kinesisk 尼布楚 - Níbùchǔ) er ein by i Zabajkalskij kraj i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg 305 kilometer aust for Tsjita og rundt 650 km aust for Bajkalsjøen ved elva Nertsja, sju kilometer før ho munnar ut i Sjilka, ei sideelv til Amur.
Festninga Nertsjinsk vart bygd i 1653 og byen voks opp fire år etter av Afanasy Pasjkov. I 1689 vart Nertsjinsk-traktaten mellom Russland og Kina skrive under her og stogga den russiske ekspansjon ned i Amur-bekkenet for to hundre år.