Hopp til innhald

Nertsjinsk

Koordinatar: 51°59′N 116°35′E / 51.983°N 116.583°E / 51.983; 116.583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nertsjinsk
Нерчинск
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Nertsjinsk
Byvåpenet til Nertsjinsk


Plassering
Nertsjinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Zabajkalskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1653
1689
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

14 225
Koordinatar 51°59′N 116°35′E / 51.983°N 116.583°E / 51.983; 116.583
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 30242

Nertsjinsk (russisk Не́рчинск, mandsju Nibcu hoton, kinesisk 尼布楚 - Níbùchǔ) er ein by i Zabajkalskij kraj i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg 305 kilometer aust for Tsjita og rundt 650 km aust for Bajkalsjøen ved elva Nertsja, sju kilometer før ho munnar ut i Sjilka, ei sideelv til Amur.

Festninga Nertsjinsk vart bygd i 1653 og byen voks opp fire år etter av Afanasy Pasjkov. I 1689 vart Nertsjinsk-traktaten mellom Russland og Kina skrive under her og stogga den russiske ekspansjon ned i Amur-bekkenet for to hundre år.