Hopp til innhald

13th Floor Elevators

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The 13th Floor Elevators

OpphavAustin i Texas
Aktiv1965–1969, 1978, 1984
SjangerPsykedelisk rock, garagerock
Tilknytte artistarRoky Erickson, The Spades, The Lingsmen
PlateselskapInternational Artists, Radar, Charly
Tidlegare medlemmerRoky Erickson
Tommy Hall
Benny Thurman
John Ike Waltn
Stacy Sutherland
Ronnie Leatherman
Danny Thomas
Danny Galindo
Duke Davis

The 13th Floor Elevators var ei psykedelisk rockegruppe frå Austin i Texas, starta seint i 1965.

Bandet hadde berre avgrensa kommersiell suksess før dei vart oppløyst grunna dopmisbruk. Uansett vart dei, som eit av dei første banda innan sjangeren psykedelisk rock, sett på som ei viktig protopunkgruppe. Den største hitten deira, «You're Gonna Miss Me», som nådde 55. plass på Billboardlista i 1966, finst på Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965-1968, som seinare er vorte vurdert som ein milestein i garagerocken si historie og i utviklinga av punkrock.

Den klassiske besetninga til bandet var vokalist/gitarist Roky Erickson, Tommy Hall på elektrisk jug, gitarist Stacy Sutherland, trommeslagar John Ike Walton og bassist Ronnie Leatherman, og dessutan fleire andre vekslande bidragsytarar og studiomusikarar. Erickson og Hall var låtskrivarane i bandet, men mesteparten av bandet bidrog med songar i ny og ned. «Elektrisk jug»-sound skulle bli kjenneteiknet til bandet og eit varemerke. I juli 1967 forlét Walton og Leatherman banda og vart erstatta av Danny Thomas (trommer) og Dan Galindo (bassgitar). Med denne nye besetninga spelte Elevators inn Easter Everywhere (omfram She Livast og Levitation), som blir rekna som det beste albumet til bandet av dei fleste kritikarane. Ronnie Leatherman kom seinare tilbake på deira fjerde og siste album, Bull of the Woods.

  • Roky Erickson, vokal, gitar, låtskrivar
  • Tommy Hall, elektrisk jug, gitar, låtskrivar
  • Stacy Sutherland (28. mai, 1946 - 24. august, 1978), hovudgitarist (tidlegare medlem av The Lingsmen)
  • Benny Thurman, bass (1965-august 1966)
  • Ronnie Leatherman, bassist (august 1966 - juli 1967)
  • John Ike Walton (fødd 27. november, 1942), trommer (1965-juli 1967)
  • Danny Thomas, trommer og korvokal (juli 1967-)
  • Danny Galindo (29. juni, 1949 - 17. mai ,2001), bass (Juli 1967-) (tidlegare medlem av The Concentric Excentrics)
  • Powell St. John (fødd 1940) medlem av The Conqueroo bidrog av og til med tekster («Slide Machine», «You Don't Know», «Monkey Island», «You Gotta Take That Girl», «Kingdom of Heaven»)
  • Clementine Hall, Tommy si kone, medverka med låtar.

Namnet til bandet spelar på overtrua som har ført til at mange høge bygningar ikkje har ein 13. etasje, og det faktumet at bokstaven «M» (står for marijuana) er den 13. bokstaven i alfabetet. I følgje Walton, foreslo han namnet Elevators og Clementine Hall kom på det fulle namnet til bandet morgonen etter.[1]

Bandet var eit resultat av det aktive psykedelia-miljøet i Austin i 1965, der det samstundes kom til band som Shiva's Headband og The Conqueroo. Medlemmane til bandet hadde tidlegare vore med i band som The Spades og The Lingsmen.

Våren 1966 hadde gruppa ein stor turne i Texas. Dei spelte både på klubbar i Austin, Dallas, og Houston. Dei spelte òg på TV-show som Sumpin Else i Dallas, og The Larry Kane Show i Houston. Seinsommaren 1966 turnerte Elevators på vestkysten, og gjorde to nasjonalt sende TV-framferder, og spelte fleire konsertar i San Francisco.

Plateselskapet International Artists i Houston, som òg var heimen til samtidige artistar som Red Krayola og Bubble Puppy, signerte med Elevators og slapp albumet The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators på slutten av 1966, og han vart ein umiddelbar suksess. Teksten på plateomslaget, som glorifiserte bruk av LSD, skapte ein del kontrovers.

I løpet av dei neste månadene spelte bandet saman med Quicksilver Messenger Service, The Great Society, og The Byrds i San Francisco og i 1967 slapp dei konseptalbumet Easter Everywhere, òg dette på International Artists. Leatherman og Walton slutta i bandet like før utgjevinga av Easter Everywhere, både på grunn av usemje med plateselskapet, og på grunn av uteblivende honorar.[1] Som eit resultat av dette, vart ikkje Walton kreditert på plateomslaget til Easter Everywhere, trass i at han deltok både på «Levitation» og «She Lives».

Songaren Janis Joplin var tett knytt til bandet. Ho song med bandet på fleire konsertar, og vurderte å bli med i bandet i Austin,[2] før ho drog til San Fransisco for å bli med i Big Brother and the Holding Company.

Problem med lova og med narkotika skapte splitting i bandet. I 1969 fekk Erickson ein marijuanatiltale mot seg, og det at han valde å sone på eit psykiatrisk sjukehus, heller enn eit vanleg fengsel, signaliserte slutten for bandet.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Samleboksar

[endre | endre wikiteksten]
  • The Psychedelic World Of The 13th Floor Elevators (2002)

Samleplater

[endre | endre wikiteksten]
  • The Very Best Of The 13th Floor Elevators Going Up (2004)
  • «You're Gonna Miss Me» (August 1966) - #55 Billboard, #50 Cash Box
  • «Reverberation (Doubt)» (November 1966) - #129 Billboard
  1. 1,0 1,1 Moser, Margaret (20. august 2004). «John Ike Walton». The Austin Chronicle. Henta 10. februar 2011. 
  2. Vorda, Allen (1994). Psychedelic Psounds: Interviews from A to Z with 60s Psychedelic and Garage Bands. Borderline Productions. ISBN 0-9512875-9-1.