Adam og Eva
Adam og Eva er i dei abrahamittiske religionane dei første menneska Gud skapte, og alle menneske er etterkomarar av dei.
Adam er hebraisk og tyder menneske eller mann. Han var det første mennesket, og dermed, etter skapingssoga, alle menneske. I 1. mosebok 2.4 er det fortalt at Gud « skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.» Seinare skapte Gud Eva av Adam sitt ribbein. Adam vart sett til å passa og dyrka Edens hage, men vart driven ut etter syndefallet.
Den gamle Adam er eit uttrykk Martin Luther brukte om det syndige mennesket.
Eva er eit hebraisk kvinnenamn frå Første Mosebok i Bibelen, Chawwa, som vart omsett til Eva i den greske bibelomsetjinga Septuaginta. Namnet kan komme frå det hebraiske omgrepet for liv, chai, men etymologien er usikker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- caplex.no