Alexander Os
Alexander Os | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. januar 1980 (44 år) Fauske kommune |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2010 |
Alexander Os (fødd 21. januar 1980) er ein norsk skiskyttar frå Fauske, som tevlar for Ishavslaget i Tromsø. Han vann gull med Noreg på stafetten under VM i skiskyting 2011, og ein VM-bronse på jaktstarten i 2009.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Os har tevla i verdscupen i skiskyting sidan 2004. Han har sju pallplasseringar i turtneringa, men ingen siger. Den fyrste andreplassen kom i ei sprinttevling i Lahti i 2007, Raphael Poiree vann rennet. Os vart så nummer to under verdscupopninga i Östersund i desember 2008. Seinare i 2008/09-sesongen syrgde landsmannen Lars Berger og Os for norsk deobbeltsiger under sprintrennet i Hochfilzen.
Under VM 2009 i Pyeongchang vart Os fjerdemann på sprinten, berre slått av landsmenn. Han tok så sin einaste individuelle VM-medalje då han vart bronsemann på den etterfylgjande jaktstarten. Os gjekk opningsetappen då Noregs stafettlag vart verdsmeistrar under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk. Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø gjekk dei andre etappane for Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alexander Os» frå Wikipedia på svensk, den 17. november 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1980
- Norske skiskyttarar
- Norske motbakkeløparar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Noregsmeistrar i skiskyting
- Kongepokalvinnarar i skiskyting
- Norske deltakarar under vinter-OL 2010
- Skiskyttarar under vinter-OL 2010
- Deltakarar under VM i skiskyting 2008
- Deltakarar under VM i skiskyting 2009
- Deltakarar under VM i skiskyting 2011
- Folk frå Fauske