Hopp til innhald

Alias Pink Puzz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alias Pink Puzz
Studioalbum av Paul Revere and the Raiders
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Sjanger Rock, garasjerock, pop[1]
Selskap Columbia
Produsent Mark Lindsay
Paul Revere and the Raiders-kronologi 
Hard 'N' Heavy (with Marshmallow)
(1969)
Alias Pink Puzz Collage
(1970)


Alias Pink Puzz er eit studioalbum av Paul Revere and the Raiders frå 1969.

Tittelen vart meint som ein morosam referanse til taktikken deira med å sende det nye albumet til ein radiostasjon i Los Angeles under eit pseudonym. Det vart sendt på radio så lenge dei ikkje visste at «Pink Puzz» var Paul Revere and the Raiders. Albumet gjekk meir i ei folkrock-retning enn dei tidlegare albuma deira. Døme på dette er songane «Thank You», «Down in Amsterdam», «Original Handyman» og «Louisiana Redbone». «Freeborn Man» vart ein bluegrass-hit for Jimmy Martin i 1969, og vart seinare spelt av southern rock-bandet Outlaws i 1976.

På denne tida var gruppa vertar for fjernsynsprogrammet It’s Happening. Etter suksessen med singelen «Let Me», som var ein hardrocksong, og albumet Alias Pink Puzz, drog truppa på ein Europaturné med The Beach Boys på sommaren.

Albumet nådde 48. plassen på Billboard-lista i USA og 46. plassen i Canada.[2]

Alle songar er skrivne av Mark Linsday, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Let Me!» 3:59
2.«Thank You» 3:01
3.«Frankfort Side Street» 3:02
4.«Hey Babro» 2:31
5.«Louisiana Redbone»Allison, Lindsay2:12
6.«Here Comes the Pain»Allison, Lindsay3:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«The Original Handy Man» 2:28
8.«I Need You»Allison, Lindsay2:02
9.«Down in Amsterdam»Allison, Lindsay3:58
10.«I Don't Know» 5:31
11.«Freeborn Man»Allison, Lindsay3:35
  1. «Paul Revere & The Raiders – Alias Pink Puzz». Discogs. Henta 9. oktober 2015. 
  2. «RPM LP Chart». 18. oktober 1969. Henta 9. oktober 2015.