Allan Lindberg
Allan Lindberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 21. juni 1918 Fagersta |
Død | 2. mai 2004 (85 år) Örebro |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
John Allan Lindberg (21. juni 1918–2. mai 2004) var ein svensk friidrettsutøvar og bandyspelar frå Västanfors i Fagersta, som vart europameister i stavhopp i 1946.
Friidrett
[endre | endre wikiteksten]Lindberg byrja med kastøvingar i friidrett, men gjjek i 1941 over til stavhopp. Han nådde den svenske eliten i øvinga i 1944 og vann stav-tevlinga under landskampen mot Danmark i juli 1945.
Den 25. august 1946 tok han gullmedaljen i stavhopp under EM i friidrett 1946 i Oslo. Vinnarhoppet på 4,17 meter var også svensk rekord, ein centimeter over den åtte dagar gammle landsrekord til Lars Andrén. Fire veker seinar, 20. september i Praha, forbetra Lindberg rekorden ytterlegare til 4,20 m.
Lindberg vart også svensk meister 1946 med 4,10 m i resultatprotokollen. Året etter tok han SM-sølv og i 1948 bronse i den nasjonale meisterskapen. Han enda på 12. plass i stav-tevlinga under Sommar-OL 1948 i London.
Bandy
[endre | endre wikiteksten]Lindberg var angrepsspelar på Fagersta AIK sit bandylag. Dessutan var han aktiv med i både turn og fotball.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Allan Lindberg» frå Wikipedia på svensk, den 25. august 2016.