Hopp til innhald

Andøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Andøve er eit maritimt omgrep som vert nytta om å halde ein båt roleg på ein stad mot vind og straum utan fortøying. Dette kan til dømes vere ein fiskeplass der båten vart halde i ro ved hjelp av årer eller motor og eit landemerke.

Ordet kjem frå det norrøne andøfa og må ikkje forvekslast med anduve, som er eit ord av nederlandsk opphav for landkjenning.