Anders Porsanger
Anders Porsanger | |||
Fødd | 1735 Kjelvik | ||
---|---|---|---|
Død | 10. oktober 1780 Risør kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, prest |
Anders Porsanger (1735–10. oktober 1780) var ein samisk språkforskar og prest frå Olderfjorden i Porsanger.
Anders Porsanger gjekk på Katedralskolen i Trondheim og var også lærar der. Han tok teologisk eksamen i København i 1761. Det året vart han også tilsett som misjonær i Varanger. I 1764 vart han hospitalsprest i Trondheim, og i 1771 vart han prest i Varanger. Anders Porsanger var den første og til no (2008) einaste presten i Noreg med nordsamisk som morsmål. Han gjorde ein stor innsats i arbeidet med utvikling av samisk skriftspråk, og omsette fleire religiøse skrifter til samisk, men desse vart ikkje prenta. Han er kjend for å ha samarbeidd med János Sajnovics for å fastslå at samisk og ungarsk var skylde språk. Dei møttest då Sajnovics var i Vardø i samband med Venuspassasje-ekspedisjonen i 1769. I 1780 omkom han i lag med heile familien sin da dei var på veg med båt til København.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Martinussen, Bente 1992: Anders Porsanger - teolog og språkforsker fra 1770-tallets Finnmark. Nordlyd 1992:18
- Solbakk, Aage 2000: Dološ sámi giellameašttariid barggut (Arbeidet til dei gamle språkmeistrane)
- NBL-artikkel om Porsanger, skriven av Rolf Grankvist.