Hopp til innhald

Anniken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anniken er ein opphavleg lågtysk variant av det tyske kvinnenamnet Anneken, som er eit diminutiv av Anne. Namnet har dermed tydinga 'vesle Anne', der Anne er avleidd frå det hebraiske (C)hannah som tyder 'gunst' 'nåde'. Namnet kan òg skrivast Anicken, Annikken og Anikken, og finst også i varianten Annika.

Anniken har norsk namnedag den 9. desember, saman med Annette, som òg tyder 'vesle Anne'.

Anniken er ein god del brukt i Noreg, med 2 531 brukarar (SSB 2008), men er lite utbreidd utanfor landet. Det kom i bruk på 1940-talet og var mest brukt i åra rundt 1990, då over 0,3 % av jenter fekk dette namnet.

Kjende namneberarar

[endre | endre wikiteksten]