Arild Haaland
Utsjånad
Arild Haaland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. desember 1919 |
Død |
24. januar 2012 (92 år) |
Yrke | filosof, faglitterær forfattar, litteraturhistorikar |
Språk | norsk |
Arild Petter Haaland (13. desember 1919–24. januar 2012) var ein norsk filosof, litteraturhistorikar, sakprosaforfattar, omsetjar og engasjert samfunnsdebattant. Han var fødd i Bergen. Han tok magistergrad i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1947. I 1956 tok han doktorgrad i filosofi med avhandlinga Nazismen i Tyskland. Haaland var tilsett ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen frå 1961 til 1987, først som universitetslektor, seinare som førsteamanuensis. Haaland har vorte kalla «Bergens mest kjente filosof» frå 1900-talet.[1]
Heider
[endre | endre wikiteksten]- Meltzerfondets spesialpris for sin innsats ved Universitetet i Bergen 2007
- Fritt Ords Honnør 1992.
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i1979
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Arild Haaland i BIBSYS
Haaland har mellom anna gitt ut
- Nazismen i Tyskland (1955)
- Kirkedød og gudsfrykt (1964)
- Vekst og verdi (1970)
- Samtidssyner fra Blåseborg med kapittel om Elie Wiesel av Michael Holmboe (1997)
Han har og omsett
- Tragediens fødsel av Friedrich Nietzsche til norsk (1969) ISBN 82-530-1629-8 Ny utgave 1993
- Moralens genealogi - et stridsskrift av Friedrich Nietzsche 1994 ISBN 82-05-22610-5
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- På Høyden - Meltzerpris til Arild Haaland (7.3.2007)[daud lenkje]
- «Arild Haaland er død» ba.no
- Lenke til NRK-program med Arild Haaland og Åshild Ulstrup
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arild Haaland» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2012.