Augusta i Italia
Utsjånad
Augusta er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 36 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 109,3 km².
Byen Augusta ligg 35 kilometer nord for provinshovudstaden Siracusa. Næringslivet er dominert av industriproduksjon. Augusta-Priolo, Italias største petrokjemiske selskap og Sicilias største industrikompleks har sysselsett ein stor del av ibuarane i Augusta. Kommunen er sterkt prega av industriverksemda og har fått tilnamna Den svarte trekanten (Trinacria Nera) og Det svarte Sicilia.
Den italienske marinen har ein base i Augusta.
Byen vart grunnlagd på 1100-talet. I eit jordskjelv i 1693 vart byen fullstendig øydelagd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Augusta (Sizilien)» frå Wikipedia på tysk, den 16. september 2014.