Avmagnetisering
Utsjånad
Avmagnetisering er å gjere noko umagnetisk. Jern og stål vert heilt avmagnetiserte ved oppvarming til over 700 ºC fordi krystallstrukturen vert endra. Vanlegvis vert avmagnetiseringa utført ved å plassere den magnetiske lekamen i ein spole som vert tilført vekselstraum. Straumstyrken vert etter kvart redusert til null.
Undre andre verdskrigen vart mange skip avmagnetiserte for å unngå at dei utløyste magnetiske miner. Dette vart òg kalla degausse etter etter matematikeren Carl Friedrich Gauss.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- avmagnetisering. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/avmagnetisering