Baby It's You
Baby It's You Singel av The Shirelles frå albumet Baby It's You | ||
B-side |
«The Things I Want to Hear (Pretty Words)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1961 | |
Innspelt | Bell Sound Studios, New York | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | Scepter | |
Komponist | Burt Bacharach, Luther Dixon | |
Tekstforfattar | Mack David | |
Låtskrivar(ar) | Burt Bacharach/Mack David/Barney Williams | |
Produsent | Luther Dixon | |
The Shirelles-kronologi | ||
«Big John (Ain't You Gonna Marry Me)» (1961) |
Baby It's You | «Soldier Boy» (1962)
|
Baby It's You Singel av Smith | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 2:29 | |
Selskap | Dunhill | |
Komponist | Burt Bacharach, Luther Dixon | |
Tekstforfattar | Mack David |
«Baby It's You» er ein song skriven av Burt Bacharach (musikk), Luther Dixon (som Barney Williams) og Mack David (tekst). Han vart spelt inn av The Shirelles og The Beatles, og vart ein hit for begge. Størst suksess med songen hadde Smith, som tok songen til femteplassen på den amerikanske singellista i 1969.[1]
The Shirelles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Songen vart produsert av Luther Dixon. Då han kom som singel i 1961 vart songen særs populær og nådde åttandeplassen på poplista og tredjeplassen på R&B-lista.[2] Han vart sidan gjeven ut på albumet Baby It's You. Vokalarrangementet på denne versjonen påverka mange andre versjonar av songen, mellom anna the Beatles sin versjon. Ei stor endring i songen er endringa frå moll- til durakkordar i versa.
The Beatles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Baby It's You Singel av The Beatles frå albumet Live at the BBC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. mars 1995 | |
Innspelt | 11. og 20. februar 1963 EMI Studios (Please Please Me-versjonen) 1. juni 1963 (Live at the BBC-versjonen) | |
Sjanger | Merseybeat | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | Burt Bacharach, Luther Dixon | |
Tekstforfattar | Mack David | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
---|---|---|
«Twist and Shout» (1986) |
Baby It's You | «Free as a Bird» (1995)
|
The Beatles framførte «Baby It's You» som ein del av konsertane sine frå 1961 til 1963 og spelte han inn for det første albumet, Please Please Me, 11. februar 1963 i lag med «Boys», ein annan song av The Shirelles.[3] Vee-Jay Records hadde med songen på Introducing... The Beatles og Songs, Pictures and Stories of the Fabulous Beatles. Capitol hadde han med på The Early Beatles. The Beatles-versjonen skil seg frå Shirelles-versjonen ved at det andre verset blir repetert i staden for det første.[4]
Eit konsertopptak kom ut på Live at the BBC i 1994. Songen vart gjeven ut på singel i 1995. Singelen nådde sjuandeplassen på singellista i Storbritannia og 67. plass i USA.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – vokal, rytmegitar
- Paul McCartney – bass, korvokal
- George Harrison – sologitar, korvokal
- Ringo Starr – trommer
- George Martin – celesta
Smith-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Smith sin versjon av songen kom ut på debutalbumet deira, A Group Called Smith. Singelen vart gjeven ut på Dunhill 4206 i 1969. Det var den første og mest populære utgjevinga deira. Songen har eit anna arrangement enn originalen og Beatles-versjonen. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100. Smith-versjonen vart nytta i Quentin Tarantino sin Death Proof.
The Carpenters-versjonen
[endre | endre wikiteksten]The Carpenters spelte inn ein versjon av «Baby It's You» i 1970 for albumet Close to You. Han vart ikkje gjeven ut som singel, men vart framført i fjernsynsserien deira, Make Your Own Kind of Music i 1971. Han var òg med på det britiske samlealbumet Reflections i 1998 med ein ny miks laga av Richard Carpenter i 1991.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
- Bruce Channel, 1962
- Sylvie Vartan (på fransk), 1962
- Dave Berry, 1964
- Cilla Black, 1965
- Cliff Richard, 1967 & 2002
- The Masqueraders, 1975
- Dolly Mixture, 1980
- Emily Bindiger, 1981
- Sonny Vincent and the Extreme, 1982
- Pia Zadora, 1982
- Grey-Star, 1983
- Elvis Costello & Nick Lowe, 1984
- Stacy Lattisaw, 1984
- Mai Yamane, 1985
- Ace Frehley, 1988
- Johnny Thunders & Patti Palladin, 1988
- Cherrelle, 1992
- Petty Booka, 1995
- Chrissie Hynde, 1998
- Leigh Stephens, 2004
- Loleatta Holloway, 2005
- Alyson Stoner, 2005
- The Bonedrivers, 2006
- Shakin' Stevens, 2007
- Adele Adkins, 2008
- Friendly Fires, 2009
- Shakespears Sister, 2010
- Haley Reinhart, 2011
- Anna Calvi, 2011
- Kramer, 2012
- Bette Midler, 2014
- Mapei, 2014
- The Last Internationale, 2014
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baby It's You» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 581.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 523.
- ↑ Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions (London: The Hamlyn Publishing Group Limited, 1988, ISBN 0-681-03189-1), p. 24, 26
- ↑ All Together Now, the ABC of the Beatles' songs and albums by David Rowley
- Songar frå 1961
- Singlar frå 1961
- Singlar frå 1969
- Songar med tekst av Mack David
- Songar med musikk av Burt Bacharach
- Songar skrivne av Luther Dixon
- The Shirelles-songar
- The Beatles-songar
- Songar produserte av George Martin
- Nummer-ein-singlar i Japan
- Carpenters-songar
- Elvis Costello-songar
- Helen Shapiro-songar
- Cilla Black-songar
- Cliff Richard-songar
- Bette Midler-songar
- Adele-songar
- Smokie-songar
- Scepter Records-singlar
- Apple Records-singlar
- Nick Lowe-songar
- Chrissie Hynde-songar
- Shakin' Stevens-songar
- Shakespears Sister-songar
- Anna Calvi-songar