Bakkesoleie
Engsoleie | |
Engsoleie | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Engsoleie R. acris |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus acris |
Bakkesoleie (Ranunculus acris), også kalla smørblom(e) og smørblomster, er ei svært vanleg plante i Noreg, og også vanleg elles i Europa. Han blir ofte kalla engsoleie (Ranunculus acris subsp. acris), men dette er systematisk sett ein underart. Her til lands veks ho i enger, kulturmark og frodig skogbotn, og finst til fjells opp i vierregionen. Planta er nasjonalblome på Færøyane, med namnet sólja.
Den noko hårete 2-7 cm høge planta har 1-2,5 cm breie gule blomstrar med fem overlappande kronblad med litt glans. Ho blomstrar frå mai til oktober. Fruktemnet på bakkesoleia er apokarp, dvs. at det er sett saman av mange delar med kvart sitt arr. Talet på pollenberarar er også stort og ulikt frå plante til plante. Blada på planta er tre- til femdelte med store flikar.
Giftig
[endre | endre wikiteksten]Om ein tek ei frisk bakkesoleie, vert ranunculin frå snittet brote ned til protoanetonin. Dette kan gi hudirritasjonar, og planta bør derfor handsamast med varsemd. Utturking fører til at gifta går vekk, slika at engsoleie i høy er ufarleg. Dyr på beite skyr engsoleia, som derfor vert ståande att på beitemarkane.
Formeiring
[endre | endre wikiteksten]Bakkesoleia vert pollinert av mange ulike insekt, som t.eks. fluger, biller, humler og bier, etter som ho ikkje har nokon spesielle tilpassingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.
- Denne artikkelen bygger på «Smörblomma» frå Wikipedia på svensk, og «Engsoleie» frå Wikipedia på bokmål den 28. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Engsoleie hos Artsdatabanken
- (en) Engsoleie – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Engsoleie i Encyclopedia of Life
- (en) Engsoleie i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Engsoleie hos Dyntaxa
- (en) Engsoleie hos ITIS
- (en) Engsoleie hos NCBI
- (en) Engsoleie hos The International Plant Names Index
- (en) Engsoleie hos Tropicos
- (en) Kategori:Ranunculus acris – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ranunculus acris – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons